Fredag
3/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Dramatisk i Øyskogen


Olav den heilage kristna Fyresdal med ein spesiell vri på årets olsokspel.

Det kom ein framand til Fyresdal i helga.




Mange hadde møtt fram til premieren på olsokspelet «Det kjem ein framand» i Øyskogen i Fyresdal fredagskvelden. To profesjonelle skodespelarar og kring 25 fyresdølar var involvert i spelet som også blei vist laurdagskvelden. Regissør og manusforfattar Erlend Tveite presenterte eit kongespel med humoristisk vri. Per spelemann, tunellar på Vestlandet og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa blei alle finurleg fletta inn i spelet.
– Nokre av poenga blei til på øvingane, fortel Tveite.
– Me har prøvd å gjere det meir folkeleg og ikkje så høgtidleg. Mange forventar at spel berre skal vere alvor. Det er greitt å ruske opp i denne haldninga, og vise at det er rom for humor, seier den eine av to profesjonelle skodespelarar, Bjørn Eivind Aasland.

Imponert av krossen
Han spelte Sigvat, skalden til Olav den heilage. I spelet kristna dei fyresdølane på finurleg vis. Olav den heilage, spelt av Kenneth Åkerland Berg, gav seg ut for å vere ein framand på veg til Setesdal då han kom til den største garden i Fyresdal. Her blei han tatt imot av storbonden Hauk (Bjørn Nome). Den øltørste og lettare forvirra bonden let seg imponere av krossen til den framande som jaga tussar og troll til skogs. Då han også både vann den dramatiske sverdkampen mot den utkledde skalden Sigvat, og etterpå lækja såret, vende Hauk, familien og naboane seg mot Kvitekrist, og forlèt Åsatrua, sjølv om unganes leik med sverd var nær ved å velte heile kristningsplanen til Olav.
Aasland og Tveite har vore med på olsokspelet i Fyresdal i sju år, Åkerland Berg dei siste fem i det tradisjonsrike spelet.
– Spel er gøy. Det er den einaste gongen i året me får vere med på det, seier Aasland.
Årets spel er det 17. i rekkja på den 19. olsokdagane. Neste år blir det stor jubileumsfeiring, og planlegginga er så vidt i gang.
– Me vurderer både vorspel, spel og nachspel, seier regissør Tveite med eit smil.
Dei har vore ei veke i Fyresdal før fredagens premiere, i tillegg til eit par helgesamingar.

Fantastisk atmosfære
– Me har blitt godt kjent med folk i løpet av åra me har vore her. Det er svært hyggeleg å kome til Fyresdal, og atmosfæren er fantastisk her i Øyskogen, meiner skodespelarane og regissøren.
– Kva synest de om dei lokale skodespelarane?
– Dei har blitt utruleg flinke, og blir betre for kvart år som går, seier Tveite.
Aasland og Åkerland Berg hadde ei heftig kampscene i Øyskogen. Men koordineringa sat som ho skulle gjennom ei veke med terping på slåstscenen.
– Det er stort sett jukseblod me brukar, smiler Åkerland Berg.
Spelet som varte litt meir enn ein time var svært underhaldande. Ordførar Bjørn Nome imponerte i rolla som forvirra og øltørst storbonde utan alt for stor kunnskap om verken hestehandel eller grensesteinar.
– Det er ikkje ei hoppe, det er ein hest, var eit av gullkorna frå helgas olsokspel.

Allsidig program
I tillegg til spel både fredags- og laurdagskvelden, inneheld Olsokdagane mellom anna konsert med Geirr Lystrup og Fyresdal bygdekor, gatefrukost, familieaktivitetar, historisk vandrespel i Folkestadbyen, familiesykkelløp og brusteinball. Sundag blei programmet avslutta med messe på Heggland gamle kyrkjegard og foredrag og utfart til Austre Nape.


Artikkelen er publisert 27/07-2010

Aktuelle saker:
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
– Psykisk helsearbeid av høg kvalitet
Visuell poesi av Landstad-tekstar
Ynskjer meir tekstilfokus
Samarbeidsbrot
Sal skal sikre skuletilboda på Foldsæ
– Eg har vore halden heilt utanfor