|
Fredag 3/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Sjå nøye på desse ungdomane
 Dei siste? Humanistiske konfirmantar i Vinjehuset, laurdag 29. mai. Bak f.v. Jørn Haugerud, Eivind Fundlid, Sondre Skogheim Haugo, Vebjørn Bjerke, Eivind Tovsland, Richard Breidalen, Lars Halvor Røisgaard og Pål Omland Eilefstjønn. Framme f.v. Susann Lofthus, Marie Berge Staaland, Øyunn Hagen, Jorunn Kvaalen og Silje Elise Jacobsen Waksvik.
|
Dei kan nemleg vere dei siste humanistiske konfirmantane i Vest-Telemark. Human-Etisk forbund fortvilar over at ingen ynskjer å ta over konfirmasjonsarbeidet i vestfylket.
Randi Berdal Hagen redaksjon@vtb.no
I mange år har Human-Etisk forbund hatt konfirmasjonskurs i Vest-Telemark med avsluttande seremoni i Vinjehuset. No står dei for fyrste gong utan nokon til å halde kursa og arrangere seremonien, og om ingen melder seg blir det ikkje noko konfirmasjonsundervisning eller seremoni i Vest-Telemark i åra som kjem.
– Det er veldig trist om ein ikkje skal ha det tilbodet her lenger, seier Main Stensholt Holte, leiar i Human-Etisk forbund i Telemark, som oppmodar folk som er interesserte i å ta del i konfirmasjonsarbeidet til å ta kontakt med henne.
Ho får støtte av både årets konfirmantar og fylkesinstruktør og nestleiar Per Atle Einan.
– Det er dumt om ein ikkje lenger har valet mellom humanistisk og kristen konfirmasjon her, seier nykonfirmerte Lars Halvor Røisgaard.
Usikker framtid
Han og medkonfirmant Pål Eilefstjønn er samde om at dei er glade dei slapp å reise ut av Vest-Telemark for å få konfirmasjonsundervisning. Humanistisk konfirmasjon gjeng aldri føre seg i skuletida, slik kristen konfirmasjonsundervisning mange stader gjer. I staden har dei ti kurskveldar med ulike tema som etikk, rus og seksualitet, før dei får kursbevisa sine i ein høgtideleg konfirmasjonsseremoni.
Per Atle Einan i forbundet seier han er usikker på kva form konfirmasjonsundervisninga vil få dersom ein ikkje får på plass kursleiar og seremoniansvarlege i Vest-Telemark. Brevkurs og helgesamlingar er eit alternativ, men tilbodet vil ikkje bli det same som i dag. Seremonien kan bli lagt til Gullbring i Bø, som er den næraste plassen det blir arrangert humanistiske konfirmasjonsseremoniar per i dag.
– Dei som har drive konfirmasjonsundervisninga i mange år, gjev seg etter dette kullet. Det respekterar me, og takkar dei så mykje for innsatsen. Men no treng me folk som overtek etter dei, seier Einan, og oppmodar medlemmar som kan tenke seg å arbeide med dette til å melde seg.
– Me har mange medlemmar her i Vest-Telemark, og dei fleste ynskjer å vere passive medlemmar. Det har me respekt for, men dersom nokon av dei tenker at dei har lyst til at tilbodet i Vest-Telemark skal oppretthaldast, håpar me at dei tenker seg litt om og finn ut om dette er noko dei kunne tenke seg å gjere, seier han, rett før det som kan bli siste seremoni i Vinjehuset startar.
Arbeidet er stort sett frivillig, utanom jobben som kursleiar, der det blir utbetalt eit honorar.
– Me treng også folk til planlegging og avvikling av seremonien. Det er lokallaga som arrangerer seremoniane i sin region. Forbundet har opparbeidd seg ein kompetanse når det gjeld seremoniane, så det er enkelt å organisere dei, seier Einan, og informerer om at alle vil få skolering av forbundet.
Han forsikrar også at dei vesttelane som ynskjer eit humanistisk konfirmasjonstilbod skal få det i åra som kjem, om enn i ei anna form enn i dag.
Humanistisk konfirmasjon
– Borgarleg konfirmasjon starta i Oslo 1951 som eit alternativ til kristeleg konfirmasjon. Endra namn til humanistisk konfirmasjon i 2007.
– Er ein høgtideleg overgangsseremoni som markerar overgangsfasen frå barn til vaksen. Opplegget er eit humanistisk, livssynsnøytralt konfirmasjonsalternativ.
– Målsetjinga for kurset er å styrke dei unge si evne til sjølvstendig tenking og etisk handling.
– I løpet av kurset blir ulike tema tatt opp, som livssyn, humanisme, rasisme, toleranse, ungdom og seksualitet, rus, kjønnsroller og ansvar for verden. Ungdomane deltek mellom anna på «Camp Refugee», der dei får møte brot på menneskerettane og uverdige tilhøve i praksis.
– I 2009 valde om lag 16 prosent av norske 14-åringar å konfirmere seg humanistisk, noko som tilsvarer rundt 10.000 unge. Tala for Telemark ligg marginalt over landsgjennomsnittet.
Kjelde: human.no
Artikkelen er publisert 01/06-2010
|
Aktuelle saker:
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
– Psykisk helsearbeid av høg kvalitet
Visuell poesi av Landstad-tekstar
Ynskjer meir tekstilfokus
Samarbeidsbrot
Sal skal sikre skuletilboda på Foldsæ
– Eg har vore halden heilt utanfor
|