|
Torsdag 9/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Opprørt over omsorgslønskutt
 Ingvald Bjaaland frå Kostveit fortvilar over kutta i omsorgsløn for dei som tek seg av sine næraste når dei blir gamle og sjuke. (Foto: Randi Berdal Hagen)
|
Omsorgsløna i Vinje kommune blir kutta ned frå februar. Leiar i Vinje Heimetenester, Alv Dag Brandal, seier dei har heimel til det, men brukarane av ordninga er opprørte.
Randi Berdal Hagen redaksjon@vtb.no
Ingvald Bjaaland frå Kostveit har omsorgslønavtale med kommunen for den 92 år gamle mor si. Stillinga hans er på 16 prosent. Ved starten av året fekk han eit brev fra heimetenestene der det sto at alle stillingsprosentar skulle kuttast med fem prosent. Dette ville utgjort om lag ein tredel av løna til Bjaaland.
– Ein hjelpestønad på 1075 kroner i månaden frå NAV skal vege opp for kutta me gjer, fortel heimetenestesjef Alv Dag Brandal.
Strammar inn
I brevet frå Brandal til omsorgslønsmottakarane heiter det at kommunen frå 2010 vil samordne og stramme inn på ordninga med omsorgsløn.
– I fyrste omgang vil dette skje ved å trekke frå hjelpestønaden. Hjelpestønad frå NAV er ein stønad til personar som har eit særskilt behov for pleie og tilsyn, på grunn av sjukdom eller funksjonshemming, skriv Brandal.
I motsetnad til omsorgsløna, er hjelpestønaden ei utbetaling til den pleietrengande, ikkje til den som gjev pleie.
Når Vest-Telemark Blad tek kontakt med Brandal for ein kommentar til saka, seier han at det er gjort ein feil då dei sendte ut brevet til Ingvald Bjaaland og dei to-tri andre med stillingsprosentar under 20.
– Me har ikkje tenkt å røre dei med låge stillingsprosentar i fyrste omgang, sidan dette vil gjere store utslag for den einskilde, seier han.
– Dette har ikkje eg høyrd nokon ting om, og eg veit berre det står i brevet som blei sendt meg. Der står det at stillinga mi blir kutta med ein tredel. Men dette gjeld ikkje berre meg, og eg tenkjer på alle dei andre omsorgslønsmottakarane som får kutt i løna si, sjølv om mi løn blir oppretthalde, seier Bjaaland.
Har ein ei stilling på 25 prosent, vil kutta likevel utgjere så mykje som ein femtedel av løna.
Tungrodd
I Vinje kommune var det i 2009 elleve vedtak om omsorgsløn. Utgiftsposten utgjorde 720.000 kroner dette året. Den summen vil heimetenestesjefen redusere med 100.000 kroner ved å kutte i omsorgsløna.
– Hjelpestønaden som skal vege opp for kutta er noko som må søkjast om. Dette er ein tungrodd søknadsprosess, og ein kan no ikkje vite sikkert om ein får stønad i det heile. Det er no eit heilt ana bord, dette, sukkar Bjaaland.
Han peikar òg på mogleg innverknad dette kan ha på skattemessige forhold, samt pensjonspoeng.
– For folk som har høg stillingsprosent kan omsorgsarbeidet gje pensjonspoeng, seier han.
– Småleg
– Dette kan heimetenestesjefen gjere fordi han veit vi er ei veik og uorganisert gruppe som ikkje har samvit til å pålaste heimesjukepleia alt tilsynsarbeidet, men tek omsorg for våre kjære, skriv Bjaaland i eit lesarinnlegg til Vest-Telemark Blad.
I fylgje eit skriv frå Helsetilsynet har kommunen rett til å samordne omsorgsløna med hjelpestønaden frå NAV. Fleire kommunar vel å gjere dette når økonomien blir trong.
– Det er økonomiske rammer som gjer at me kuttar. Kommunen har ligge høgt når det gjeld utmåling av omsorgsløn, men no må me stramme inn. Dette er eit av tiltaka for å løyse dei økonomiske problema i Vinje heimetenester, og me sparar om lag 100.000 kroner på innstrammingane, seier heimetenestesjef Brandal.
Bjaaland er ikkje nådig i sitt tilsvar til Brandal.
– Det er ikkje store summane det er snakk om for kommunen, men for mottakarane av omsorgsløn blir det faktisk ein del. Her i Vinje har me noko som heiter å vere småleg. Og dette er småleg gjort av Vinje kommune overfor oss som tek vare på våre nærmaste, sukkar ein oppgjeven Bjaaland.
Artikkelen er publisert 14/01-2010
|
Aktuelle saker:
Menneske og mastene
Færre unge og fleire eldre innbyggjarar
– Ein blir så glad inni seg
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
|