|
Laurdag 31/7-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Håvards draum - eit 200-årsminne
 Knut Buen fekk æra av å avslutte den flotte jubileumskonserten som var eit verdig 200-årsminne for Håvard Gibøen frå Møsstrond. Bak frå venstre: Torgeir Straand, Trygve K. Vågen, Marit Vågen Lilleland og Anne Hytta.
|
Håvard Gibøen frå Møsstrond er ein ruvande spelemann i folkemusikksoga. Han vart rekna for å vere nokså jamgod med venen og spelkameraten Myllarguten. I år er det 200 år sidan Gibøen vart fødd, og Telemarkfestivalen heidra meistaren med jubileumskonsert i Gullbring laurdag.
Bjart Schieldrop bjart.schieldrop@vtb.no
Myllarguten og Håvard Gibøen spela i hop og lærte slåttar av kvarandre. Og dei såg opp til kvarandre. Men som spelemenn var dei ulike. Der Myllarguten var den brusande fossen, var Gibøen ein som rørde folk med spelet sitt. Folkeminnegranskaren Rikard Berge frå Rauland skriv i boka si om dei to at «Håvard var av ein poetisk natur», og Gibøslåttane er kjende for å vere meir vemodige og meir med dåm for naturtonekjensla enn slåttane etter samtidige spelemenn.
Knut Lurås frå Tinn var den fremste læremeisteren til Gibøen, og hjå han finn ein den sikraste kjelda til Lurås-spelet. Slåttetradisjonane etter Håvard Gibøen er svært omfattande med ulike greiner i mange hardingfeledistrikt. Då Johan Halvorsen skreiv ned slåttar etter Knut Dahle i Tinn vart fleire Gibøslåttar med. Det var desse notenedskriftene Edvard Grieg nytta som utgangspunkt for sitt namngjetne opus 72 - «Slåtter».
Flott tverrsnitt
Per Anders Buen Garnås hadde sett saman ein flott jubileumskonsert der dei beste nolevande spelemennene gav eit godt tverrsnitt av slåttane etter Håvard Gibøen og det karakteristiske spelet hans.
Programleiaren siterte Myllarguten: «Det går i margen når Håvard speler».
– I hardingfelelandskapet er Håvard som ein stor frøfuru i skogen. Det finst frø etter Gibøen i alle delar av hardingfelemiljøet, sa Torgeir Straand før han spelte to Gibøslåttar; gangaren «Floketjønn» og springaren «Underlona».
Alle generasjonar etter Håvard Gibøen har fostra minst ein framifrå hardingfelespelemann. Trygve K. Vågen frå Møsstrond var på jubileumskonserten beviset på den musikalske arverekkjefylgja. Håvard Gibøen hadde eit særleg lag med slåttar med nedstilt og trollstilt fele, og det gav Vågen døme på. Tipptippoldebarnet spelte springaren «Bøkårennan» og to systarslåttar - springar og gangar.
Kveding og spel
Kveding og felespel gjekk hand i hand på Møsstrond. Marit Vågen Lilleland er tipptippoldebarnet til Håvard. Ho kveda «Håvards draum».
Per Anders Buen Garnås spelte «Triløytingen» med nedstilt bass. Denne slåtten bygde Gibøen ut etter å ha høyrt Knut Lurås spele han. Lurås var den spelemannen Gibøen sette høgast av alle. Me fekk også høyre springaren «Håvards sorg».
– Ein kan nesten høyre at fela gret, meinte Buen Garnås.
Anne Hytta frå Sauland er ein god representant for Tuddal-tradisjonen i folkemusikken. Gibøen var ein kunstnarsjel som flakka mykje også i heimtraktene til Hytta. Ho spelte gangaren «Fjellmannsjenta» og springaren «Falkeriset».
To x Knut
Meisterspelemann Knut Hamre frå Granvin hadde teke turen frå Hardanger for å heidre minnet etter Håvard Gibøen. Hamre fortalde at slåttane til Gibøen hadde kraft nok i seg til å bryte gjennom. Sidan Myllarguten ofte var i Hardangar, fekk ein eit sterkt tilhøve til Gibøen-spelet også på den andre sida av Hardangervidda. Hamre framførte «Lisbetslåtten» og springaren «Sørfjorden».
Knut Buen fekk æra av å avslutte jubileumskonserten i ekte Gibøen-ånd. Det gjorde Buen med å spele slåtten «Håvards draum» og gangaren «Helg».
– Gibøen hadde spelt til bryllaup i Bø og godt rusa la han seg til å sove nede ved elva ved Oterholt bru. Der drøymde han slåtten som han kalla «Håvards draum», fortalde meisterspelemannen frå Tuddal.
Mellom dei musikalske innslaga gav Per Anders Buen Garnås eit verbalt riss av livet til ein av dei største spelemennene som er fostra i Noreg.
Artikkelen er publisert 21/07-2009
|
Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen
|