|
Onsdag 19/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
«Bjønnedag» i Øyfjell
 Den gamle bjørnefella ligg spent utpå tunet på Øyfjell Bygdemuseum.
|
På «bjønnedagen» i Øyfjell i helga var temaet sjølvsagt bjørn, og med fleire morosame postar på programmet fekk dei frammøtte både ein matbit og ein god latter.
Dag Svartdal redaksjon@vtb.no
Laurdag var det «Bjønnedag» på Øyfjell Bygdemuseum, med bildeframsyning, historier, bjørnegryte, oppspenning av bjørnefelle og skyting med bjørnerifle.
Fleire bjørnar har vore innom Øyfjell dei siste åra, men det er alltid den siste bjørnen som får tittelen «Øyfjellbjønnen».
I vår hadde fleire skuleungar spent på seg skia og teke turen opp til bjørnehiet der Øyfjellbjønnen hadde overvintra. Hiet var stort og på det meste var det fem skuleungar i hiet på same tid. Sjølv då var det romsleg fortel skuleungane i ein bildepresentasjon. Ved hiet hadde dei mellom anna funne proppen som bjørnen ofte har i rumpa etter ei lang overvintring. Utanfor såg dei tydelege risper på trea som bjørnen hadde nytta for å kvesse klørne. Etter presentasjonen fekk skuleungane kvar sin pose med bamsemums.
Spente bjørnefella
På Øyfjell Bygdemuseum har dei utstilt ei gamal bjørnefelle. Nokre staute karar bar fella ut på plassen for å sjå om dei klarte å spenne ho. Fella mangla delar av utløysarmekanismen, men ein taum skulle gjere same nytten for å løyse fella.
Etter å ha funne nokre karar med god nok «fagleg tyngde», var dei klare til å spenne fella. Trass i at fella hadde godt med overflaterust fekk dei spent ho. For å teste fella sette dei ein to-toms plankestubb i saksemunninga, og drog i taumen. Med eit kraftig smekk gjekk fella av og plankestubben blei godt fastklemt. Det var ingen tvil om at det var kraft nok i fella til å fange ein bjørn.
Historieforteljingar
I Vest-Telemark var bjørnen omtrent utrydda før nittenhundretalet, men det var mange bjørnejegerar rundt om i regionen i tida før.
Magne Ljosdal og Tarjei Førstøyl drog i gang nokre bjørnehistorier på stabburstrappa, som både var interessante og morosame.
Det kom historier om alt frå lokale bønder til danske grevar, som hadde vore i kontakt med bjørn.
Magne Ljosdal fortalte om ein dansk greve som reiste til Bø, Ulefoss og Mostøyl for å jakte bjørn. Greven var ein stor og rund kar, og det seiest at han åt mellom anna 24 egg til frukost.
Han kom til Mostøyl for å jakte på bjørn, og han hadde med seg mange tenarar. Dei drog han rundt om i skogen, for han hadde vanskeleg for å gå langt sjølv. Han sat ofte med pisk og børse i fanget. Han piska tenarane når han ikkje var nøgd, men han var svært raus mot dei etterpå.
Men det viste seg å vera vanskeleg for denne store mannen å skyte ein bjørn sjølv. Det blei sagt han hadde eit lysthus i Danmark med fleire utstoppa bjørnar, men ingen sjølvskotne.
Magne Ljosdal har funne fram ei gamal lysing denne greven sette inn i avisene. 6. februar 1847 utlyste han ei løn på heile 100 spesidaler til den som kunne finne eit bjørnehi med ein levande bjørn. Poenget var då at tenarane skulle terge bjørnen nok til at han kom springande ut av hiet sitt, og då skulle greven sitje klar med børsa si.
Historia fortel at greven hadde leigd inn ein bjørnejeger av yrke, og dei hadde avtala at begge skulle skyte samtidig på denne bjørnen, men at greven skulle bli kåra til skyttaren. Det heile enda med at når bjørnen kom ut så skaut båe to, men den danske greven trefte ikkje anna enn tretoppar og skyer. Bjørnejegeren skaut bjørnen i hovudet.
Bjønnedagen i Øyfjell blei avslutta med ei god bjørnegryte, og Ånond Sørbø drog av nokre skot med ein gamal 4-linjers (12 mm) Remington frå 1868.
Artikkelen er publisert 09/07-2009
|
Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga

|