|
Fredag 3/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Trøbla litt med utbrogda
 Anne Torill Råmunddal (9) frå Seljord har aldri vove før, men no er bandet hennar alt fleire tiltals centimeter langt. Bak frå venstre: Jane Henriksen frå Vrådal, Inger Moen frå Kviteseid, Ingunn Olsen frå Flatdal, Ingebjørg Heddejord frå Seljord, Martha Råmunddal frå Seljord og instruktør Eli Vesaas frå Vinje. Sitjande ved sida av vevaren: Hege Sivertsen frå Seljord.
|
Kanten på det smale forklebeltet til Vest-Telemarkbunaden, utbroga, er ikkje enkel å få til. Men kursdeltakarane gav ikkje opp av den grunn.
Anne Sofie Tresland anne.tresland@vtb.no
– Kanten, den kjem av seg sjølv, blir det påstått. Dermed set alle vevarane i å le. For så enkelt er det visstnok ikkje. Det har kursdeltakarane erfart. På tredje dagen sit dei på Borgen i Seljord i djup konsentrasjon over renninga si. No skal bandvevteknikken lærast og øvast inn. Så får det heller bli det same om ikkje geiteklauvene blir med. Med litt meir trening dukkar dei nok opp.
Urutinert på geiteklauver
Utbrogda eller geiteklauvene. Nemningane på den smale mønsterkanten på båe sider av hovudmønsteret er fleire. For å få klauvene til å tre fram trengst øving og atter øving. Det er kursdeltakarane budde på.
Ingebjørg Heddejord lærte å veva då ho gjekk på vevlina på yrkesskulen i Lunde i 1968. Sidan har ho vove mykje forskjellig, også ulike typar band, men ikkje akkurat bunadband.
– Spesielt enkelt synest eg ikkje det er. Eg er noko urutinert, humrar ho.
Kurset blei halde i regi av Seljord husflidslag med Eli Vesaas som instruktør. Sjølv om Vesaas oftast figurerer som pølsemakar, er vevlærar den eigentlege profesjonen hennar. Ho er utdanna som faglærar i vev ved Statens lærarskule i forming.
Plukke-opp-mønster
Til vevinga av bunadbandet brukar kursdeltakarane grind. Somme nyttar ein vanleg grindvev, medan fleire brukar ei grind med ekstra spalter som gjer arbeidet enklare. Denne type grind kom fram i ljoset under ei utstilling på Tynset for nokre tiår sidan, og har blitt nytta ein del sidan.
– Elles er reiskapen som blei bruka i Setesdal og Vest-Telemark bandstøre. Om reiskapen er ulik blir vevnaden akkurat den same, presiserer ho.
Vevteknikken er opp-plukka mønster. Det vil seie av vevaren plukkar kvart innslag; kvar einaste mønstertråd. Og det er tolmodige sjeler som gjev seg i kast med slikt arbeid. Vev ein på heiltid må ein rekne med ei vekes arbeid før det tri og ein halv meter lange bandet er ferdig.
Forkleband
Bandet til Vest-Telemarkbunaden er kring 350 centimeter langt og festa til forklelinninga. Det går to gonger rundt livet, og blir knytt midt framme med eller utan lykkjeknute. Bandet blir vove anten i grind eller på støre. Renninga er av ullgarn og anten bomull eller lin, det same med innslaget. Nemninga brogdaband viser til at bandet har mønster. Utbrogda er den smale mønsterborda etter båe langsidene, medan innbrogda er hovudmønstret. Geiteklauver var vanlege å bruke i utbrogda, medan kister og hjarte var
vanlege hovudmønster.
(Kjelder: Vevlærar Eli Vesaas og boka «Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark» av Ågot Noss)
Artikkelen er publisert 03/03-2009
|
Aktuelle saker:
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
– Psykisk helsearbeid av høg kvalitet
Visuell poesi av Landstad-tekstar
Ynskjer meir tekstilfokus
Samarbeidsbrot
Sal skal sikre skuletilboda på Foldsæ
– Eg har vore halden heilt utanfor
|