Fredag
3/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Æra for integrering


På vegne av innbyggjarane i Vinje kunne ein stolt ordførar Arne Vinje laurdag kveld ta i mot Amnestyprisen 2008 frå styreleiar i Amnesty Noreg, Bente Erichsen. (Foto: (c) Kristin Rødland Buick/AI)

Medan Vinje i tri dagar markerte at dei har hatt somaliske flyktningar i kommunen i 20 år, og at dei langvegsfarande er godt integrerte, kom meldinga frå Amnesty Internasjonal i Noreg: Vinje får årets Amnestypris. På vegne av alle i kommunen mottok ordførar Arne Vinje prisen av styreleiar i Amnesty i Noreg, Bente Erichsen, i Stavanger laurdag kveld.

– Vinje gjer eit svært viktig politisk arbeid som resulterer i eit sterkt forsvar for menneskerettane. Me håpar denne prisen kan rette søkelyset mot dei ressursane flyktningar kan vera når forholda blir lagt til rette, seier Erichsen.




Vinje kommune vart kåra til årets vinnar av Amnestyprisen for mangeårig og vellukka innsats for å integrere flyktningar i kommunen.
Laurdag tok ordførar i Vinje, Arne Vinje, turen til Stavanger for å ta i mot prisen overrekt av styreleiar i Amnesty i Noreg, Bente Erichsen. Prisen vart delt ut i samband med festmiddagen på Amnestys landsmøte denne helga.

God støtte
Amnesty meiner Vinje kommune og innbyggjarane har drive menneskerettsarbeid i praksis sidan dei har sytt for like moglegheiter for alle. Vinje har også jobba mot diskriminering og gjeve ekstra støtte til flyktningar som har flytta og busett seg i kommunen.
Amnesty meiner grunnlaget for suksesshistoria er ein vilje til å sjå på flyktningar som ein ressurs og ikkje som eit problem.
– Amnesty har observert at omgrepet «asylsøkjar» ikkje lenger er ei heidersnemning eller noko som skildrar eit menneske i naud. I dagens Noreg er «asylsøkjaren» blitt ein type lykkejeger eller profesjonell kriminell. Som fylgje av dette kappast politikarane, media og lokalsamfunn om å stengje dei ute eller finne raske måtar å sende dei ut på, seier styreleiar i Amnesty, Bente Erichsen.

Forsvar for rettar
Ho fortel at Amnesty trur slik utvikling på sikt kan kome til å svekke menneskerettane til dei svakaste av oss, nemleg folk på flukt.
– Vinje gjer eit svært viktig politisk arbeid som resulterar i eit sterkt forsvar for menneskerettar. Dersom me er samde om at menneskerettane er grunnleggjande i samfunnet vårt, inneberer det at me er plikta til å beskytte dei som er offer for menneskerettsbrot i andre delar av verda. Me vonar prisen kan rette søkjeljoset mot kor stor ressurs flyktningar kan vere når tilhøva blir lagt til rette, meiner Erichsen.
I Amnestyprisen sine statuttar heiter det mellom anna at prisen skal gå til ein kandidat som har medverka til betre vern og betre rettar for enkeltpersonar eller ei gruppe menneske.
– I Vinje skjer det kvar dag. Om ein held fram med det gode arbeidet vil kommunen vere til inspirasjon for andre kommunar, og på den måten stimulere til engasjement for menneskerettar på lokalt plan, seier styreleiaren i Amnesty.

Sjølvsagt
Amnesty meiner at det gode integreringsarbeidet som er gjort i Vinje burde vere sjølvsagt i kvar ein kommune, men at det dessverre ikkje er slik.
– Av ulike grunnar er det motstand mot asylmottak og busetjing av flyktningar i kommune-Noreg. Å få internasjonalt vern og hjelp til å starte på nytt er ein del av menneskerettane. I så måte er Vinje ei suksesshistorie, og derfor blir kommunen og innbyggjarane heidra med årets pris. I Vinje seier dei at det handlar om vilje og handling. Verre er det ikkje, avsluttar Bente Erichsen.
Amnestyprisen har blitt delt ut i Noreg sidan 2004. Tidlegare vinnarar er Liv Jensen (Pro-senteret), Vibeke Omdahl (=Oslo), Tore Sandberg (justismord) og Mohamood Amiry-Moghaddam (menneskerettsaktivist i Iran).


Artikkelen er publisert 28/10-2008

Aktuelle saker:
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
– Psykisk helsearbeid av høg kvalitet
Visuell poesi av Landstad-tekstar
Ynskjer meir tekstilfokus
Samarbeidsbrot
Sal skal sikre skuletilboda på Foldsæ
– Eg har vore halden heilt utanfor