|
Laurdag 31/7-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
– Miss Greenfield står der ...
 Ein motvillig Terje Nordkvelle blir skuva inn på rom nr. 17 av Christina Førli Aas.
|
Det verserer mange historier om spøkri på Dalen Hotel. Bladfyken fekk vere tilstades då Bente Pettersen, medium frå Skien, ville sjekke kva som kunne ha skjedd på rom nummer 17 – og det gjekk kaldt nedover ryggen …
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
Terje Nordkvelle og Christina Førli Aas frå Telemarkssendinga hadde bestemt seg for å ta turen til Dalen Hotel for å prøve å finne ut meir om spøkrihistoriene som har omspunne hotellet. Spesielt er historia om den engelske overklassejenta, Miss Greenfield, god kjent langt utanfor kommunegrensene. Ho fortel om ungjenta som kom til hotellet og rom nummer 17 tidleg i mai på slutten av 1890-talet. Ho var tydeleg gravid og magen vaks gjennom sommaren. Då ho reiste frå hotellet i september same året, var magen flat og nokon unge var det ingen som hadde sett. Seinare vart ho pågripen og dømt for barnedrap i England, og ho vart avretta.
Historia fortel vidare at ein kan høyre barnegråt på rommet og i tillegg viser Miss Greenfield seg med jamne mellomrom. Ho er oftast iført grå kjole og er observert fleire gonger på galleriet, der ho står og ser ned i hallen ...
Stemningsfullt
Denne fyrste kvelden i oktober er regntung og mørk. Det er nesten så ein skulle tru det heile var sett i scene i høve til avgjerda om at Nordkvelle skulle overnatte på rom nummer 17 for å finne ut om han kunne høyre eller oppleve noko frå Miss Greenfield.
– For å vere heilt ærleg så er eg nok litt nervøs, men eg er då ikkje den fyrste til å liggje her, ja etter Miss Greenfield altså, seier ein spent Nordkvelle, som tvilar på at han får sove noko særleg denne natta.
– Ofte opplever folk meir om dei greier å slappe av. Eg skjønar godt at Terje er nervøs, og eg kan ikkje seie om han vil oppleve noko eller ikkje, seier mediet Brit Pettersen.
Ho forklarer at opplevingane hennar er i form av energi ho føler, og det er fleire typar energi.
– Det er både positiv og negativ energi. Eg brukar ikkje ordet spøkri om det eg opplever. Det er menneske i ein annan dimensjon – åndeverden, forklarer mediet.
Mediet ser noko
Men før Nordkvelle innlosjerte seg, fekk bladfyken bli med mediet inn på rommet der ho gjekk rundt og følte på energien.
– Strekk ut armen din og gå rundt i rommet. Prøv om du kjenner noko spesielt langs veggane. Eg føler det er mykje energi her og det er slik me kan avgjer om det er nokon her, smiler Pettersen etter å ha sett seg rundt i det vesle, men koselege rommet med enkeltseng og vogge.
Bladfyken gjer som den klarsynte seier, og på eitt bestemt punkt i rommet var det eit felt på 30-40 cm som var iskaldt.
– Slett ikkje rart at du følte det, Miss Greenfield står nemleg der og ser ut gjennom vindauget. Ho snudde seg mot oss då me kom inn, men ho gjer ikkje noko av å få besøk. Slik eg greier å forstå henne, skjønar eg at ho står og ser etter nokon. Ho er trist og det har to årsaker slik eg kan lese henne, nemleg at ho ventar på ein mann, truleg faren til barnet, og i tillegg er ho lei seg for at ho har mist barnet. Det kan nesten virke som ho leitar etter det. Eg trur ikkje ho har teke livet av det, ho har snarare mista det under fødselen eller like før. Vidare ser det ut til at barnefaren som aldri kom, er ein nokså kjent person frå England. Det var grunnen til at Miss Greenfield vart sendt så langt av stad. Det var tydeligvis viktig at denne graviditeten ikkje vart kjent i heimlandet. Ho er litt vanskeleg å forstå, men eg trur eg har oppfatta henne rett, forklarer Pettersen.
Mange lydar
Terje Nordkvelle, halvt åsgrending (Kviteseid), slit lenge med å få sove på rom nummer 17.
– Ein blir liggjande og tenkje og lytte. Eg må innrømme at eg i blant sperra augo opp då eg høyrde lydar. Kunne det vere barnegråt eller var det den engelske jenta som tusla rundt, men nei, eit trehotell har mange lydar og til slutt sovna eg utan å ha opplevd noko som helst, fortel ein trøtt og litt skuffa NRK-reportar til VTB torsdag morgon.
I alle fall så hadde mediet og Christina Førli Aas ei oppleving om natta og det var faktisk litt skummelt.
– Eg kjente at håret reiste seg i nakken då me gjekk inn i møterommet som heiter Victoria. Borte i hjørnet var det fullt av energi og det var ikkje bare av den positive typen. Der stod det ein mann, tydeleg sær og spesiell og han var ikkje fornøgd med at me kom inn til han. Eg kjende same energien ved eit av romma på hotellet, seier Pettersen tankefullt.
– Fullt av liv i hotellet
Bente Pettersen var rundt i store delar av hotellet og det er mykje liv i veggane forklarer ho.
– Det er stor aktivitet på hotellet. Her opplever eg eit yrande liv frå tidlegare tider med dans og moro, flotte selskap og enkelte litt meir utrivelege ting som truleg har hendt. Mellom anna møtte eg ein eldre kar i matsalen som tydeleg hadde fått i seg vel mykje å drikke. Han stod og stødde seg og det artige er at nattevakta på hotellet kunne fortelje meg at han følte at nokon stod akkurat på den plassen og heldt auga med han, smiler Pettersen.
I ei av dei opne trappene i fløya som ligg mot turistinformasjonen på Dalen, fekk Pettersen kjensla av at det hadde skjedd noko utriveleg.
– Der var det ein energi som gav meg kjensla av at det hadde vore ei trasig hending i trappa. Det er ikkje godt å seie kva det kan vere, men truleg har ein eller annan falle i trappa og slege seg i hel, meiner Pettersen, før ho peikar opp på galleriet og fortel at der står jammen Aage Samuelsen, og han ser svært nøgd ut …
Artikkelen er publisert 04/10-2008
|
Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen
|