Fredag
3/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Truleg nei til fritidskøyring med snøskuter


Forvaltinga av utmarksareala er ei utfordrande oppgåve for mange kommunar. Representantar frå kommunar i 15 fylke har i tri dagar vore samla i Vinje i samband med landsstyremøtet i Utmarkskommunanes samanslutning (USS). Torsdag såg dei på næringsutviklinga på Møsstrond og var med «Fjellvåken» til Mogen.

Miljøverndepartementet vil truleg tilrå forbod mot fritidskøyring med snøskuter i oppmerkte løyper. Det er ordførar Arne Vinje (SV) som fortel dette til VTB. I tri dagar har Utmarkskommunanes samanslutning (USS) vore samla i Vinje for å drøfte forvaltinga av utmarka.




Representantar frå kommunar i 15 fylke har vore i Vinje kommune i tri dagar i samband med det årlege landsstyremøtet i Utmarkskommunanes samanslutning. Dette er ein interesseorganisasjon for kommunar som forvaltar store utmarksområde.
Framlegget til ny motorferdslelov i utmark har vore eit sentralt tema på samlinga på Mjonøy. Direktoratet for naturforvalting (DN) tilrår totalforbod mot fritidskøyring også i oppmerkte løyper. Vinje er ein av forsøkskommunane når det gjeld slik køyring, og i fylgje ordføraren har ordninga vore ein suksess som bør verte permanent. Mykje av den ulovlege villmannskøyringa med snøskuter har vorte borte.
– No har me signal på at Miljøverndepartementet i store trekk sluttar seg til haldninga frå DN. Fritidskøyring i eigne trasear vil departementet ikkje gå inn for i lovproposisjonen som no er på veg til Stortinget, seier Arne Vinje.
I løpet av hausten skal Stortinget vedta den nye lova om motorferdsle i utmark. USS vil no arbeide vidare med sikte på å skape fleirtal på Stortinget for at det vert opna for ei permanent ordning for fritidskøyring med snøskuter.
– Me har ikkje gjeve opp. USS er kjent for sitt fagleg sterke sekretariat som har synt seg å ha ei god påverkingskraft på dei sentrale styresmaktene, seier Vinje-ordføraren.

Store utfordringar
I dag er det berre Tokke og Vinje kommunar i Vest-Telemark som har medlemsskap i USS, medan Hjartdal er på veg inn i organisasjonen. Arne Vinje meiner at alle kommunane i Vest-Telemark burde vore medlem, då det er store utfordringar knytt til forvaltinga av utmarksområda.
Næringsutvikling i verneområde og naudverjerettens plass i rovviltforvaltinga er andre tema som har vore drøfta på samlinga. I tillegg har forvaltinga av statlege eigedomar – statsallmenningane – vore tema. Desse er det ikkje mange av i Telemark, men det finst ein på Rauland.
Torsdag fekk deltakarane eit inntrykk av nokre av dei forvaltingsutfordringane ein utmarkskommune som Vinje har. Det var tur med «Fjellvåken» til Mogen med tidlegare ordførar Olav Nystog som kjentmann. Her vart det orientert om busettinga på Møsstrond. Korleis ein kan utvikle berekraftig næring i villreinområde vart også drøfta.
Ein rundtur i hytteutbyggingsområda på Rauland stod også på programmet med byggesakshandsamar Halvor Vasshus som omvisar.

Natur og kulturmiljø
På Skinnarbu orienterte Anders Mossing om oppgåvene til Norsk villreinsenter. Brita Homleid Lohne frå SNO fortalde mellom anna om informasjons- og opplæringsarbeidet dei har sett i gang saman med skulane i Vinje og Tinn. Ho sa at leidetråen er å lære dei unge respekt og omsorg for naturen og kulturmiljøet gjennom naturopplevingar.
– Det er meininga å kome med dette tilbodet til skular i alle kommunar. Difor er lærarkurs på trappene, då me berre er to naturrettleiarar knytte til senteret på Skinnarbu, fortalde Lohne.
Oppgåvene til villreinsenteret er ikkje forvalting og forsking, men opplæring, rådgjeving og dokumentasjon kring villreinen.

Villreinen må ha areal
Anders Mossing peikte spesielt på at store areal er viktig for villreinen, og då helst større samanhengande område. I dag finst på mellom 8.000 og 8.500 rein på vidda, og målsettinga er 10.000 – 11.000 dyr. Det svarar til talet dyr som beiteområda har plass til.
– Andre aktivitetar på vidda, mellom anna turisme, hyttebygging og kraftutbygging, har bygd ned leveområda til reinen. Ein kan snakke om at villreinen er i ferd med å verte sett på bås. Difor er arealforvaltinga den største utfordringa med omsyn til villreinen. Aktiviteten i beiteområde til reinen må ha eit heilskapsperspektiv, hevda Mossing og nemnde at det er sett for lite fokus på ferdsel ut frå hytteområda.


Artikkelen er publisert 30/08-2008

Aktuelle saker:
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
– Psykisk helsearbeid av høg kvalitet
Visuell poesi av Landstad-tekstar
Ynskjer meir tekstilfokus
Samarbeidsbrot
Sal skal sikre skuletilboda på Foldsæ
– Eg har vore halden heilt utanfor