|
Laurdag 31/7-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Lavinehundar i rasfarleg område
 Tri av medlemene i Tokke røde kors hjelpekorps, Mona Seltveit (t.h.), Hilde Berge og Grunde Seltveit, fekk i påska vakthjelp av Kristin Larsen og Trond Reiholm med lavinehundar frå Skien.
|
Skafsåheia var eit av dei områda der det var snøskredfare i påska. Uvitug farting av folk ved rasfarlege område enda bra, slik at ein slapp å ta i bruk dei to lavinehundane som var stasjonert hos Tokke røde kors hjelpekorps.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Tokke røde kors hjelpekorps var heile påska stasjonert ved Hallbjønnsekken på Skafsåheia. I år var det i tillegg på plass førarar og to lavinehundar frå Norske redningshundar i Skien.
– Det er viktig å ha lavinehundar her. Det gjev tryggleik for skituristane spesielt no når det er stor snøskredfare, seier ekteparet Mona og Grunde Seltveit, når VTB stikk innom dei ved vakthytta onsdag i påskeveka.
Dagen før vart det observert at ein snøskuter hadde køyrd oppunder ein snøskavl som hekk i fjellsida. Det vart også oppdaga skispor ved ein snøskavl.
– Uvitugt! Då kan ein trygt seie at folk leikar med helsa si, kjem det frå vaktfolket ved hytta.
Gapahuk i populært område
Eit stykke unna vakthytta, ved grensesteinen mot Fyresdal, sette medlemer frå det lokale hjelpekorpset opp ein gapahuk. Dermed kom det på plass eit solid innslag i staden for lavvoen som blei bruka tidlegare. Ved gapahuken blei det servert saft, og skituristane kunne delta i gratislotteri.
– Skiløypa går rett forbi gapahuken. Det er ganske så populært å stoppe her. Gratislotteriet ser dei på som positivt og ventar ikkje å finne slik oppe i fjellet, smiler Seltveit ved vakthytteveggen denne strålande dagen i eit område der det somme plassar var målt opptil tri meter snø.
Tokke røde kors hjelpekorps hadde 3-4 personar på nattevakt og 5 på dagvakt gjennom heile påska på Skafsåheia. Alarmlista inneheld rundt 30 medlemer frå korpset som syter for ein fantastisk friviljug innsats.
Oppsummeringa frå hjelpekorpset viser at påska gjekk veldig bra. Det var lite skadar og ikkje snøras i området. 918 personar skreiv seg inn i boka som galdt gratislotteriet.
Artikkelen er publisert 27/03-2008
|
Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen
|