|
Fredag 3/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Verdfull tekstilgåve etter Oline Øverland
 Driftsleiar Halvor Nordal ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg er overvelda over den flotte tekstilsamlinga etter Oline Øverland frå Seljord som museet har fått i gåve frå dottera Synnøve Øverland.
|
Vest-Telemark Museum (VTM) har fått ein verdfull tilvekst til tekstilsamlinga med gåva av arbeid etter Oline Øverland frå Seljord. Ho gjorde ein stor innsats med å ta vare på og vidareføre kunnskapen om gamle teknikkar. Museet vonar å lage ei særutstilling på Dyrsku’n i september.
Bjart Schieldrop bjart.schieldrop@vtb.no
Driftsleiar Halvor Nordal ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg seier dei er svært takksame for at dottara til Oline Øverland, Synnøve Øverland som er busett i Sverige, har skjenka dei dei verdfulle tekstilarbeida.
– Tekstilarbeida etter Oline Øverland (1896-1981) tettar fleire hol i samlinga vår. Og me har fått mykje interessant materiale å forske vidare på. Her ligg det utfordringar og ventar for mellom anna studentane ved Høgskulen på Rauland, seier Halvor Nordal som fortel at museet no er i ferd med å registrere gåva.
Oline Øverland voks opp på Seljordshei, men kjøpte seinare hus på Klokkarstogmoen i Seljord. Ho hadde i heile livet sitt ei genuin interesse for dei gamle handverksteknikkane innanfor tekstil. Utan innsatsen hennar meiner Halvor Nordal at mykje tekstilkunnskap i Vest-Telemark ville vore tapt i dag.
– Ho livnærde seg av tekstilarbeidet, og hadde folk i lære hjå seg. Dei produserte og selde tekstilarbeid for henne. Det dreidde seg om tekstilar til både stas og kvardag. Oline var svært allsidig og tilbaud heile spekteret av tekstilhandverk, nemner Halvor Nordal.
I fylgje Nordal sette Oline Øverland eit slags tidsskilje med at ho overførte mykje av dei gamle handverksteknikkane inn i ei nyare tid gjennom arbeida sine. Eit stort diplom er eit døme på dei mange utmerkingane ho fekk for innsatsen sin.
– Kva inneheld denne tekstilgåva?
– Her er arbeid som syner døme på fleire typar vevnad, brodering av ulike slag, telemarksbinding, firfletting, uttrekkssaum, kvinnebunad til både fest og arbeid utanom mange bandvevingar, fortel Nordal.
Den store plansjen med prøver av plantefarging finn museumsmannen svært interessant. Bak kvar farge har Oline skrive kva plantar som er nytta og korleis ho gjekk fram for å få dei fargane ho ynskte i arbeidet sitt.
Ein god del gamalt sylvarbeid laga av lokale sylvsmedar i Seljord fylgjer også gåva. Mellom anna ei bolesylje som har vore i Sterke-Nilsslekta.
– Sylvarbeida låg i ei vakker tine som Hølje Gonge frå Seljordhei har laga og dekorert rikt med vakkert treskjerararbeid. Denne tina har me også fått. Frå før var ikkje trearbeid etter Hølje Gonge representert i samlingane til Vest-Telemark Museum, fortel Halvor Nordal.
Artikkelen er publisert 12/01-2008
|
Aktuelle saker:
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
– Psykisk helsearbeid av høg kvalitet
Visuell poesi av Landstad-tekstar
Ynskjer meir tekstilfokus
Samarbeidsbrot
Sal skal sikre skuletilboda på Foldsæ
– Eg har vore halden heilt utanfor
|