|
Laurdag 31/7-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ungdomen stør KrF
 Politikarpanelet fekk varierte og gode spørsmål frå ungdomane. I panelet sat Hilde Berntsen (Ap), Olav Kjetil Bang (V), Torstein Tveito (Sp), Tarjei Draugedal (KrF) og Gunnar Ruud (H).
|
Både før og etter politikarutspørjinga på ungdomsskulen i Kviteseid tysdag var det KrF som hadde flest tilhengarar på skulen. Onsdagens skuleval forsterka meiningsmålingane gjort før valet.
Tone Tveit redaksjon@vtb.no
Heilt sidan skulen starta i haust har elevane i 8., 9. og 10. klasse ved Kviteseid skule jobba med kommune og val.
Dei har studert dei ulike partia, og sett på dei ulike partiprogramma som er lagt fram før årets kommunestyreval. Elevane har også fått høyre om korleis Kviteseid kommune jobbar i administrasjonen, då rådmann Tor Borgenvik vitja skulen førre veke og forklara elevane om kommunal struktur og økonomi.
Måling og utspørjing
Alle elevane har utført digitale partitestar, og før politikarane kom til skulen tysdag gjorde elevane ei måling om kva parti dei støtta opp om.
– KrF fekk 38 prosent av røystene, deretter kom Høgre med 18 prosent og Ap med 16 prosent. Så fylgde Venstre, medan Senterpartiet låg nedst av dei fem partia som stiller liste ved årets kommunestyreval i Kviteseid, informerte lærar Steinar Belland.
Alle deltok
Tysdag arrangerte elevane politikarutspørjing på skulen. Alle partia deltok på skulen og frå Arbeidarpartiet møtte Hilde Berntsen, Olav Kjetil Bang frå Venstre, Gunnar Ruud frå Høgre, ordførar Torstein Tveito frå Senterpartiet og Tarjei Draugedal frå Kristeleg Folkeparti.
Med eit ryddig oppsett og profesjonelt førebudd starta elevane møtet mellom politikarane og ungdomsskuleelevane. På podiet sat dei ulike partia saman med to ordstyrarar som passa godt på at politikarane heldt seg innanfor dei tidsrammene som var sett.
Politikarane starta med presentasjon og presentere parti og fortalde kvifor dei fortente ungdommens røyst.
Engasjement
Etter fem minutt frå kvart parti var det tid for spørsmål frå elevane. Kvar klasse hadde førebudd spørsmål som var skrive ned og dei vart presentert for representantane.
Her måtte politikarane svare på alt frå kva dei vil gjere med dårlege vegar til kvifor ikkje Kviteseid har eigen symjehall.
Politikarane oppmoda dei unge til å vere flinke til å kome med ynskje og engasjement innanfor ting dei meiner er viktige og som dei ynskjer seg i kommunen. Ungdomane la fleire idear fram, som sykkelbane, paintball, flytebryggje på Sorgenfri og gang- og sykkelsti. Men dei unge var også opptekne av korleis dei ulike partia skal løyse nedgangen i folketalet og kva dei ville gjere for miljøet.
– Bruk ungdommens kommunestyre. Har de gode idear skal me stø opp, lova KrF sin kandidat og Hilde Berntsen la til:
– Det er de som er unge som veit best kva Kviteseid treng av aktivitetar, difor er det viktig at de engasjerer dykk, sa Berntsen.
– Me er alle opptekne av det same. De som er unge skal kome tilbake til Kviteseid etter utdanning. Det er noko me alle må jobbe for, uttala Ruud.
– Det hadde vore moro om ungdommen kunne springe ned ordførarkontoret med innspel og idear. Det er nå det gjeld, oppmoda ordførar Torstein Tveito.
Spørsmåla elevane ikkje rakk å stille
Kviteseid skule hadde besøk av politikarane tysdag for ein politikardebatt og utspørjing av politikarane frå elevane i ungdomsskulen. Det blei ein bra debatt, og politikarane svara ganske greitt på spørsmåla dei fekk av oss elevane. Dette tok sjølvsagt tid, og dermed rakk dei ikkje å svare på alle spørsmåla. Me i l0B ynskjer å få svar på spørsmåla me hadde laga, men som ikkje blei lese opp, på grunn av dårleg tid. Me blir svært nøgde om partia i Kviteseid kan svare på dei, då syner dei interesse for kån, og det er bra.
Desse spørsmåla vil me gjerne ha svar på:
Til Venstre:
– Kva vil de gjera med all forureininga i Kviteseid?
– Eg synest politikken for ungdom var veldig defensiv med kva me vil. Kan de ikkje vera meir konkret på dette?
Til Ap:
– Er det realistisk at de gjennomfører alt det som står i programmet, eller er det berre valflesk?
– Kva synest de om hyttebygginga i Vrådal? Er det for mange hytter?
– Korleis kan me vite om de held det de lovar?
Til Høgre:
– Vil de støtte opp om gratis skulebøker på vidaregåande?
– Det finst mange dårlege vegar her i kommunen, kva vil de gjera konkret med dette?
Til KrF:
– Kva meir vil de gjera konkret for dei eldre i kommunen utanom det som står i programmet dykkar?
Til Sp:
– Kvifor gjer ikkje Sp meir for skulen og barnehagen i Kviteseid?
Me håper me kan få svar på dette i VTB.
Helsing 10B på Kviteseid skule
Artikkelen er publisert 30/08-2007
|
Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen
|