|
Laurdag 31/7-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Uvisse rundt gigantinvestering
 Grunningsdalen: i hjartet av det som skal bli Lifjell Seljord Hytte- og Aktivitetssenter.
|
Media gjekk tidleg ut og stilte spørsmål ved Jan Petter Schøyen og selskapet han representerer, Global Venture Group Inc. Nokon gjekk så langt som å hevde at selskapet som nå står bak utbyggingsplanane i Grunningsdalen er rein svindel.
H.Flatland/I.Barstad redaksjon@vtb.no
Hausten 2006 kom Jan Petter Schøyen som ein representant frå det amerikanske selskapet Global Venture Group Inc (GVG). til Grunningsdalen og Lifjell på synfaring. I november inngjekk selskapet ein intensjonsavtale med grunneigar Magne Reinstaul.
Reinstaul har saman med Ole Gjermund Aase og Henry Mæland frå Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU) oppretta selskapet Telemark Hytte- og Aktivitetsutvikling as, der Schøyen også er styremedlem. Selskapet eig no heile utbygginga som skal resultere i 400 hytter, 900 leilegheiter, hotell, alpinanlegg, badeland, rideanlegg og andre aktivitetar.
Det er GVG, på vegne av Reinstaul og grunneigar Olav Erikstein, som no fremjar reguleringsplanen for kommunen.
Representant for GVG
Jan Petter Schøyen er norskamerikanar, og representant for GVG. Vest-Telemark Blad har fleire gonger prøva å komme i kontakt med Schøyen utan hell og det er lite informasjon å hente frå andre media eller internett. I følge USSearch (www.usserarch.com) har han nå registrert bustadsadresse i småbyen Hurricane i Utah, i ein sameigd einebustad ved Sky Mountain Golf Resort. Han eig òg ein liten parsell i bygda La Verkin, som han i vinter fekk omregulert til bustadstomter.
Globale Venture Group
Selskapet held, i fylgje deleigar av Telemark Hytte- og Aktivitetsutvikling Ole Gjermund Aase, til i Utah – og det er bare dette selskapet som er representert i prosjektet. I følge Utah Department of Commerce er GVG er eit aksjeselskap som blei oppretta 27. november 2006, tre veker etter at samarbeidet mellom Reinstaul og Schøyen blei presentert i media. Selskapet er underordna Global Venture Group USA Inc., registrert i delstaten Delaware 13. november same år. GVG USA har ikkje levert namn på styreleiar og dagleg leiar, men har etter delstatens lovar to år på seg til å levere dette.
GVG har kontor i 77 East Center Street i Provo, Utah, medan telefonnummer og postboksadresse er registrert i American Fork, om lag tre mil frå kontoret i Provo. Det har vore for VTB uråd å komme i kontakt med selskapet på det registrerte telefonnummeret, og dei svarar heller ikkje på e-post. GVG blei 9. mai i år registrert som utgått, då Utah Department of Commerce ikkje har fått fullstendige papir på hovudselskapet GVG USA frå Delaware Division of Corporations.
Dagleg leiar og styremedlem i GVG er Kelly James Robbennolt, som òg driv Keystone Venture Group Inc. frå same kontoradresse. Han var tidlegare leiar for eit internettselskap registrert i Montana. Dette selskapet stod brakk frå september 2001 etter økonomiske vanskar, og blei endeleg slått konkurs eitt år seinare, i september 2002. Selskapet hadde då i overkant av 100.000 amerikanske dollar i gjeld.
Schøyen og Globale Venture Group hevdar å ha over 200 års erfaring innan eigedomsutvikling, men dei har førebels ikkje vist til noko dokumentasjon på tidlegare prosjekt.
Juks på heimesida
I fylgje ein artikkel Radio Rjukans nettsider publiserte i 2006, var teksten på GVG Inc. sine heimesider www.globalvg.com teken frå heimesida til eit anna firma. Dei hevda at det også var plagiattekstar andre stader på sida.
GVG Inc. har nå forandra tekstane på heimesida, men ho fortel likevel lite om både firma og drift. Det finst heller ingen referansar.
– Utelukkande positivt
Grunneigar og styremedlem i Telemark Hytte- og Aktivitetsutvikling, Magne Reinstaul, er ikkje bekymra for rykta om Global Venture Group (GVG) eller Jan Petter Schøyen.
– Eg kan ikkje svare for Global Venture Groups organisasjon. Men Schøyen skulle lage ein reguleringsplan og det har han gjort, seier Reinstaul og legg til at Schøyen alt har hatt ein del utgifter med planen.
– Ein skal ha litt kapital i ryggen for å klare å utvikle den, seier han.
Ingen dokumentasjon
– Er det ikkje litt risikabelt å stole på GVG og Schøyen når dei ikkje kan dokumentere nokon tidlegare prosjekt dei har vore med på?
– Nei. Det er ikkje GVG som står for planane eller det organisatoriske. Det er Telemark Hytte- og Aktivitetsutvikling. Og Schøyen har som sagt laga reguleringsplanen, det er alt eg held meg til nå, seier Reinstaul.
Men han stadfestar at dei ikkje har dokumentasjon på nokon av dei 24 prosjekta Schøyen og GVG har hevda å ha investert i.
Delte oppfatningar om GVGs kapitalinnskot
– Eg trur at folk misforstår litt. GVG er ikkje i seg sjølv ein investor i dette prosjektet, dei skal bare formidle investorar. Det kan vere ein del av forklaringa på kvifor dei ikkje har namnet sitt på tidlegare prosjekt, forklarar han.
Styremedlem i Telemark Hytte- og Aktivitetsutvikling, Ole Gjermund Aase, svarar litt annleis på investorspørsmålet.
– GVG er både investor og utviklar. Samtidig som selskapet er bindeledd mellom fleire investorar, skal det også gå inn med litt kapital sjølv. Å få inn fleire betyr at risikoen blir delt på fleire investorar, fortel Aase.
Også Henry Mæland i Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU) og Telemark Hytte- og Aktivitetsutvikling seier at GVG skal bidra med litt kapital sjølve, samtidig som dei skal formidle fleire investorar.
– Finansieringa er ikkje endeleg avklara enda, og det er ikkje klart kven som blir investorar. Men GVG skal skaffe investorane – enten dei er norske eller kjem frå utlandet – og GVG skal også bidra med litt kapital sjølv. Dette er mellombels etter at myndigheitene har avklara kva me kan få lov til å byggje. Førebels veit me ikkje meir enn rekkefylgja, seier Mæland.
Øydelegg ikkje friluftsområde
Reinstaul understrekar at dei ikkje kjem til å reklamere for turløyper på tilgrensande eigedommar.
– Så lenge me held turløypene unna, vil ikkje områda rundt bli berørt, seier han og legg til at Turistforeininga har merka løyper på eigedommen hans utan å kompensere for det i mange år.
– Men om det blir plagsamt for grunneigarar rundt hytte- og aktivitetsområdet vil dei andre få kompensasjon for det, seier han.
Utflating
– Trur du hyttemarknaden kjem til å halde seg stabil dei neste åra? Er det ikkje alt påvist utflating i marknaden?
– Eg har marknadsanalysar som spår ei utflating i dei neste fem åra og seinare ein svak nedgang. Men det er ikkje så stor risiko når ein ikkje har større prosjekt enn det me har. Storleiken på dette prosjektet gjer at me ikkje er avhengig av veldig mange interessentar for kvar hytte, og med den marknadsføringa me planlegg trur eg det vil gå greitt. Slik sett blir prosjektet lite i forhold, fortel Reinstaul.
Positivt for bygda
Reinstaul kan ikkje sjå nokon negative konsekvensar for bygda i samband med prosjektet. Han ser sjølvsagt utfordringar, men det positive veg likevel opp for eventuelle konsekvensar.
– Dette vil utvikle bygda, og det ser eg som utelukkande positivt, slår han fast.
Artikkelen er publisert 04/08-2007
|
Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen
|