|
Laurdag 31/7-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Fryktar tjuvjakt på gaupe
 – Denne sauen hadde tri lam i fjor og mista to av dei, fortel Jon Aslak Austjore (t.v.) i Byrte beitelag. Både han og Gunnar Haugo, leiar i Telemark sau og geit, er misnøgde med rovviltforvaltinga og vil ha fellingskvote på minst 12 gauper denne vinteren.
|
Gunnar Haugo, leiar i Telemark sau og geit, trur folk vil ta saka i eigne hender om det ikkje blir gjeve løyve til å felle minst 12 gauper i vinter. 13 bønder i Byrte beitelag sleppte over 3.000 sauer i fjor, og opplevde gjennom beitesesongen kraftig auke i tap av sauer i høgheia. Rovviltet får skulda for at tapstalet har auka frå to til nesten åtte prosent. Fylkesmannen har for 2006 fått 103 søknader om erstatning for tap av 2.457 sauer og lam der rovviltet får skulda.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
13 bønder i Byrte beitelag sleppte i fjor over 3.000 sauer på beite i område frå 550 til 1.500 meters høgde over havet. Plutseleg spratt tapsprosenten opp i nesten åtte. Det vanlege i alle år har vore to prosent.
– Det er ein veldig auke, og det er fyrste året me har hatt så store tap. Me fekk dokumentert at gaupa hadde tatt sau, og elles er det sett mange ørner i området. Dessutan har me mistanke om at ein bjørn streifa gjennom terrenget i fjor, fortel sauebonde Jon Aslak Austjore, ein av dei som er med i beitelaget.
– Det er nytt for Telemark og Buskerud at gaupa krabbar oppover i heiene. Det er registrert sauetap i 1.000 meters høgde, og gaupa tok også lam i inngjerda område ved ein gard i Byrte, fortel Gunnar Haugo, leiar i Telemark sau og geit.
Gjev seg ikkje
Austjore legg ein del arbeid i avl og drift av sauer.
– Det er lam eg kunne tenkt meg å hatt, men som blir borte. Det er ikkje triveleg når eg ser etter sauene og finn kadaver, eg fann sju i fjor. Sjølv om eg har byrja å få høge sauetap gjev eg meg ikkje, det må det bli gaupa som gjer, seier bonden.
– Austjore glor etter sauene heile sommaren, han har fleire turar i veka, veit Haugo og rosar den dyktige bonden.
Haugo meiner rovvilt er eit veldig stort problem for småfehaldet.
– Blir det mykje rovdyr nyttar det ikkje å halde på med sauer. Ikkje bare det at dei blir drepne av gaupa, men ho piner dei i hel også. Etter å ha hatt mykje arbeid med sauene og stelt for dei, opplever mange at dyra blir rovdyrmat, ristar Haugo på hovudet.
– I Tokke har fleire slutta med sauer på grunn av gaupa, fortel Austjore.
Haugo meiner rovvilttilhengarane bør få gaupene innpå seg i nærmiljøet, og at dei då ville ha skifta meining. Vidare meiner han slike folk må forstå alt arbeidet bøndene legg ned, steller med dyra og produserer mat.
Austjore undrar seg over det han oppfattar som veldig traue rovviltkonsulentar til å dokumentere at det er gaupe som har skulda for sauetap. I staden skriv konsulentane: «antatt gaupe».
– Eit av lamma mine blei funne drept og med bit i halsen og tomt for blod. Men jammen skreiv rovviltkonsulenten «antatt gaupe» i rapporten, fortel bonden.
– Me føler rovviltkontaktane er for mykje på rovviltets side, skyt leiaren i Telemark sau og geit inn.
Tjuvjakting
Både Austjore og Haugo er kritiske til rovviltforvaltinga, og er sikre på at det er mange fleire rovdyr enn forvaltinga påstår. Karane meiner det er umogleg å finne alle gaupene under leiting etter spor ei vinterhelg i Telemark.
– Me håpar på fellingsløyve på 12 gauper under vinterjakta no. Det er absolutt minste tal på dyr som må takast vekk. Og jakta må gå i område der gaupa har herja. Me oppmodar folk om å jakte, seier Austjore og Haugo.
Om situasjonen med mange drepne sauer ikkje blir betra, fryktar Haugo tjuvjakting på gaupe.
– Og blir det ikkje fellingskvote på 12 gauper, trur eg folk tek saka i eigne hender. Det er ikkje noko bra, seier Haugo.
Austjore saknar engasjement blant lokalpolitikarane i kommunen i forhold til at det er så høge sauetap.
– Politikarane er for tamme, har dei gjort noko særleg då, fylgjer Haugo opp.
Båe oppmodar folk til å vere flinke til å observere og melde frå til rovviltkontaktane framover.
I det me har kome ut i sauefjøset, kjem det frå den ivrige dyrehaldaren Austjore:
– Eg gruar meg til å sende sauene på beite til sommaren.
Tap langt over det normale
Jon Aslak Austjore har i seks år forpakta gard i Vinje, og har denne vinteren 140 sauer. 29-åringen byrja med sauer då han var 15.
I fjor sleppte han 129 sauer og 252 lam på beite i Byrte. Fire sauer og 24 lam kom aldri heim att. Vanlege tapstal tidlegare har vore ein sau og to til fire lam.
103 søknader om erstatning
Fylkesmannen i Telemark mottok for 2006 heile 103 søknader om erstatning for tap av sau grunna freda rovvilt. Det er monaleg auke frå året før då det kom inn 62 søknader.
Bøndene ynskjer å få erstatta 228 sauer og 1.701 lam som dei meiner gaupa har tatt livet av. Statens naturoppsyn opplyser at det er dokumentert 25 lam og sauer som er drepne av gaupa i løpet av beitesesongen. Når det gjeld bjørn blir det søkt om erstatning for 43 sauer og 14 lam, medan kongeørna får skulda for at tri sauer og 215 lam aldri kom heim att.
Tapet til freda rovvilt i søknadene for 2006 er rekna til 3,1 prosent sau og 12,7 prosent lam.
Strid om gaupekvoten
Bondelaga i Telemark, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder krev i eit brev til Miljøverndepartementet (MD) og Direktoratet for Naturforvalting (DN) at dei ikkje må overprøve vedtaket i den regionale rovviltnemnda som har fastsett ein fellingskvote på 12 gauper i 2007.
Bakgrunnen for brevet er at rovviltnemnda i region 2 vedtok i møte 30. november i fjor ein fellingskvote på 12 gauper. Etter det dei fire bondelaga erfarer, vil ikkje MD godta vedtaket til rovviltnemnda fordi departementet hevdar at bestandmålet for gaupe i regionen ikkje er nådd. MD bed difor Direktoratet for Naturforvalting om å fatte vedtak om kvote for 2007.
DN seier at det i gjennomsnitt dei tri siste åra var 11,3 ynglingar i region 2, medan bestandmålet er 12 ynglingar. Bondelaga viser til tal frå Nasjonalt overvakingsprogram for rovvilt som viser at det var minimum 13,5 ynglingar i regionen i fjor, og at gaupebestanden i regionen difor alt er over bestandmålet.
Rovviltforskriftene paragraf 7 og 11 seier at rovviltnemnda ikkje kan fatte vedtak om kvotejakt på gaupe så lenge bestandmålet ikkje er nådd.
Artikkelen er publisert 23/01-2007
|
Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen
|