Laurdag
30/8-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Drøymer om å spele ute i Europa


Tarjei Dale er halvt treunge og spelar på eliteserielaget Odd Grenland.

Med far frå Treungen føler Odds eliteseriespelar Tarjei Dale (23) seg sterkt knytt til bygda der toppspelaren Jan Gunnar Solli er frå. Kanskje kan det bli spel ute i Europa for Dale som har ti ungdomslandslagskampar bak seg.




Sterke treungenrøter har sytt for fleire landslags- og eliteseriespelarar enn Jan Gunnar Solli som no er i Rosenborg. Son til Svein Torgeir Dale frå Treungen, Tarjei Dale, har spela saman med Solli på juniornivå, og har vore innpå i nesten alle seriekampane til Odd Grenland i år.
Som Solli har Dale sparka fotball nesten frå han kom seg ut av vogga. Dei fyrste åra spela Dale i Gjerpen. Som fyrsteårs gutespelar fekk han behov for nye utfordringar. Ungdomstrenaren til Odd viste interesse for den lovande ungguten. Dale hadde mykje tillit til denne trenaren, og det enda med overgang til toppklubben.

Balla på seg
Då Dale byrja på juniorlaget, møtte han Solli. Dei gjekk også saman på idrettslina på vidaregåande skule.
– Då eg trefte Solli visste eg han var frå Treungen. Det var ikkje lenge før me fann tonen, fortel Dale, når VTB møter han på Odd stadion like før siste vårkampen i eliteserien.
19 år gamal blei Dale tatt inn i A-lags troppen til Odd, og ein stor draum blei oppfylt.
– Med lærlingkontrakt i lomma visste eg at Odd ville satse på meg og det var ei god kjensle, fortel Dale.
Det var stort for han å debutere på Odd då han kom innpå i cupen heime mot Moss i 2002. Og han hadde aldri spela for så mange tilskodarar. Etter det balla det bare på seg, og Dale var i full gang med å gå gradene på eliteserielaget.
– Etableringa i laget er siste steget. Det har vore litt stong ut og litt inn, oppsummerer Dale, som ikkje har spela seg til fast plass på Odd i år.

Ute etter fast plass
Dale er ein typisk teknisk spelar og er mest på midtbanen. Men i år har han også fått prøva seg som spiss, ei ny rolle det tek tid å venje seg til. Totalt står han bokført med fire mål etter toppseriekampane han har delteke på. I tillegg til 59 kampar for Odd Grenland, har han fått med seg ti landslagskampar fordelt på U 19, U 20 og U 21.
Før årets sesong starta trena Dale veldig bra og annleis. Det har vore meir kamplik trening, noko Dale meiner gagnar både han og laget.
– Eg har ambisjonar om ein fast plass på laget. Og alle har ein draum om å spele ute i Europa, så eg må vedkjenne at det gjeld meg også, seier Dale.
Han har kontrakt med Odd ut neste sesong, og fotballspelaren på heiltid lever bra på avtala. I vårsesongen var det sju treningsøkter i veka i tillegg til kampar. Før det var kvardagen endå travlare med elleve økter kvar veke.
– Me måtte køyre på om me skulle bli i betre form enn andre lag. Når Odd har mindre budsjett enn klubbar me spelar mot, må me ta det att på andre område, seier treningsglade Dale om ei aktiv oppkøyring sist vinter.

Framtida
Dale har mange venner i Skien og har kjøpt leilegheit der. Han trivast i Odd, men er det der han vil vere i framtida?
– Ein veit aldri. Neste år har eg kanskje lyst til å flytte på meg, det får tida vise, seier Dale.
Og kanskje er tida inne alt no. For i det siste har media skrive om at Dale no moglegvis tenkjer klubb-byte grunna lite speletid i Odd.
Opp gjennom åra har Dale vore mykje i Treungen. Han har mange gode minne frå bygda, men også frå Fjone der faren har ått eit småbruk som no er selt til broren.
– Treungen er absolutt ein del av meg. Å skli ned Tveitbakken med kjelke rundt joletider var alltid eit høgdepunkt. Eg føler meg som halvt treunge, og håpar eg har eit band til bygda i alle år. Elles skulle eg ynskt eg hadde endå meir tid til å vitje besteforeldra i Treungen, seier Dale.
Snart skal faren byggje hytte ved småbruket som broren overtok.
– Det gler eg meg til, og det kjem garantert til å bli mange turar til Fjone framover, avsluttar Tarjei Dale.


Artikkelen er publisert 06/07-2006

Aktuelle saker:
Rasar over sikringstiltak
Forventar vegpengar
Må til Edland for å betala rekningar
Må sjå seg om etter partnarar
Ynskjer maktskifte
Vinjedag vann vener
Vil flytte dei minste borna
Ynskjer ro på heilagdagane
Målte krefter i terrenget