Torsdag
24/7-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Gjensyn i eliteserien


Jan Gunnar Solli har etablert seg både på Rosenborg og landslaget. No håpar han på fleire titlar med trønderane. (Foto: Christian Engvoldsen)

For vel ti år sidan spelte dei mot kvarandre på grusbanen i Edland. I år møtest Jon Midttun Lie og Jan Gunnar Solli i eliteserien.




5. mai møter Rosenborg Start på Lerkendal i Trondheim. Fjorårets seriemeister tar i mot nyopprykka og ambisiøse sørlendingar. Og på kvar sin banehalvdel; to vesttelar som tidlegare har møtt kvarandre for IL Rein og Treungen for meir enn ti år sidan.
Jan Gunnar Solli hugsar godt tida i Treungen, og minnest også å ha møtt ein ljoslugg i angrepet til IL Rein.
– Eg hugsar godt eit møte på grusbanen i Edland. Det var store steinar på banen og eg tråkka skikkeleg gale. Men me vann kampen 3-2, og seinare slo me dei også i Høydalsmo-cupen, mimrar Solli med eit smil.
– Det var ikkje alltid banen var preparert for fotball, smiler Jon Midttun Lie, når han blir konfrontert med historia frå Solli.

Nær opprykk
Mykje har endra seg sidan dei to gjorde opp på fotballbanane i Vest-Telemark. Jan Gunnar flytta tidleg til Skien og spel i Odd Grenland. No er han etablert på Noregs beste klubblag og fast inventar på Åge Hareides «nye Noreg», og han har vunne både cup og serie i Noreg.
For Jon Midttun Lie har ikkje karrieren gått like fort framover. Men han etablerte seg raskt på krinslaget etter at han flytte frå Haukeli til Sandefjord då han skulle byrje i sjuandeklase. Snart var han på a-laget til det som då heitte Sandefjord Ballklubb, og då det blei eitt lag i byen, Sandefjord Fotball, var Midttun Lie eit hyppig innslag på venstrekanten i angrepet. Det blei opprykk til 1. divisjon alt fyrste sesongen for den nyskipa klubben. Dei seinare åra har laget vore nær opprykk til eliteserien. Men kvalifisering har ikkje vore Sandefjords sterke side, og sjølv om Midttun Lie gjerne hadde sett Sandefjord rykke opp, er han glad for at gamletrenaren Tom Nordlie gav han sjansen i Start.
– Det er ei stor utfordring. Eg hadde vel ikkje heilt trudd det skulle skje i år, sidan eg gjekk skada halvparten av fjorårssesongen, seier han.
Eit roke korsband heldt han på sidelina i elleve månadar. Men med målmedvete trening og god oppfylging av støtteapparatet i Sandefjord kjempa han seg tilbake, og i vinter blei han altså løna med kontrakt i Start.
– Tom Nordlie veit kva eg står for, og eg meiner sjølv eg passar inn i hans måte å spele fotball på, seier Midttun Lie.
Hovudkonkurrenten til ein plass i fyrsteellevaren, Ben Wright, er for tida skada. Når Start i morgon møter Lillestrøm til serieopning er det dermed gode sjansar for at det er ein ljoslugg frå Haukeli med nummer 18 på ryggen som spelar venstreving i Start-angrepet.
– Eg er fit for fight om eg får spele. Heile klubben gler seg, seier Midttun Lie før eliteseriedebuten.
Han var kjent som ein målskårar i dei yngre årsklassene i IL Rein, og han likar framleis kjensla av å sjå ballen gå i mål.
– Det er alltid artig å skåre. Eg er vel ingen notorisk målskårar, men for eit par sesongar sidan skåra eg ni mål, seier venstrevingen, som ikkje har sett seg noko mål om kor mange han skal skåre i eliten.

Lyst på landslaget
Jan Gunnar Solli er alt etablert på landslaget. Jon Midttun Lie står med ein kamp som innbytar på U19-landslaget, og han medgjev at han har lyst til å bere Noregs fargar att.
– Alle har vel drøymt om det, men eg tenkjer ikkje mykje på det. Det får kome som ein bonus om eg presterer bra i Start.
– Kva med utlandet?
– Det er klart eg har eit mål om å prøve meg i eit anna land i løpet av karrieren, men det er lang veg dit, og no er kjempeglad for å vera i Start, understrekar Midttun Lie.
Sjølv om han har funne seg godt til rette i Kristiansand er ikkje alt slik det var førespegla frå lagkameratane.
– Dei skrøyt fælt av vêret her nede, men førebels har ikkje Sørlandet vist seg frå si beste side. Det har vore mykje regn, men det blir vel betre, smiler han.
– Kven har betydd mest for deg i karrieren?
– Eg hugsar godt Gudmund Tveito og Arne Vågslid som drog meg i gang i Rein. Seinare var Svein Ellefsen i Sandar viktig. Men Tom Nordlie er den beste trenaren eg har hatt. Han har enorm fotballkunnskap, meiner Midttun Lie.
– Også har eg hatt mor og far som alltid har stilt opp for meg, og køyrt meg til trening og kamp, legg han til.
Sjølv om det er mange år sidan han flytta frå Haukeli har han framleis eit forhold til bygda. Foreldra har kjøpt seg hytte der og Jon var seinast i påska på vitjing i gamlebygda.
– Det er artig å kome tilbake og treffe gamle kjente, meiner han.

Optimisme i Trondheim
I Trondheim held den andre vesttelen til. Jan Gunnar Solli meiner Rosenborg er i rute til seriestarten heime mot Aalesund i morgon. Tap i generalprøva mot Viking endrar ikkje på det.
– Me har hatt ei jamn stigning. Stemninga i klubben er upåklageleg. Alle kjempar med nebb og klør om å kome på laget. Me gler oss verkeleg til seriestart. Det er på ein måte eit revansjesugent Rosenborg-lag i år, seier Solli.
Seriegull og Champions League-spel til tross, klubben var ikkje heilt fornøgd med prestasjonane i fjor. Ola By Rise er erstatta med Per Joar Hansen som sjefstrenar, og Jan Gunnar er optimist på eigne vegne.
– Eg har vore inne på laget i det siste, men me er fire mann som kjempar om plassane på midtbanen. Trenaren tek ut dei han meiner er best, og det må me akseptere. Men det har gått bra i treningskampane, innrømmer Jan Gunnar, som ikkje er så opptatt av om han spelar sentralt eller som indreløpar.
Både Jon Midttun Lie og Jan Gunnar Solli var talentfulle då dei spelte i heimbygdene. Men Jan Gunnar er ikkje med på at han var den store stjerna på laget.
– Eg skilde meg ikkje voldsamt ut i Treungen. Der var me delt opp i to jamgode lag, med gutar og jenter heilt opp til smågut-nivå. Minnest eg ikkje feil spelte eg mest for Treungen 2, og då var oppgjera mot Treungen 1 dei hardaste og mest prestisjefulle, smiler Jan Gunnar.
Solli har alltid vore glad i å trene, og framleis reiser han ut i hagen for å leike seg med ballen.
– Eg har, og har hatt, ei enorm glede av å trene. Gradvis framgang gjev motivasjon vidare. Eg gler meg til å trene kvar einaste dag, seier Solli.
– Eg har forsaka ein del i ungdomen, men akkurat no stortrivst eg, legg han til. Utan at me finn grunn til å tvile på det.
Han kosar seg i Trondheim og har ingen planar om å flytte utanlands med det fyrste.
– Eg er berre 24 år og har god tid på meg. Men eg har ein forkjærleik for engelsk fotball og det hadde vore moro å prøve seg i ein storklubb.
Solli har jobba hardt for å kome der han er i dag. Han framhevar miljøet i Treungen og fotballskulen i Vrådal som viktig i dei yngre dagane. Men det var fyrst då han kom på sone- og krinslaget han verkeleg byrja å lære. Då han kom på idrettslina blei alt meir strukturert, og han lærte å setje opp eigne treningsprogram. Sjølv om han har kome langt på kort tid, har han framleis litt å jobbe mot.
– Kva kan du bli betre på?
– Eg jobbar mykje med taktiske vurderingar. Det å vera kvikk i hovudet, og heile tida orientere seg, slik at ein har løysinga klar før ein mottek ballen.
Om ein knapp månad er det altså klart for den fyrste duellen mellom to vesttelar i eliteserien. Då får ein svar på om Jon Midttun Lie får revansje for tapet mot Jan Gunnar og Treungen i Høydalsmo-cupen for vel ti år sidan.

Artikkelen er publisert 09/04-2005

Aktuelle saker:
Oss «likemenn» i mellom
Fyrstereis til Norway cup
Obs: Det blir meir vatn i åi!
Kjøper Foldsæ for 11 millionar
Heilt ny brygge
Ung fiskelykke
Austre Skindalen går til Ugland
Fann kokk på Facebook
Stamvegprat med departementet