Runar Skaug Mathisen er i form for tida. Her går han under eit tidlegare renn på Beitostølen.
Runar Skaug Mathisen er i form for tida. Her går han under eit tidlegare renn på Beitostølen.

Vesttelar hevda seg i noregscupen

Runar Skaug Mathisen og Torgeir Lid Byggland i Team Telemark gjekk begge raskt på ski på Gålå i helga.

Hans Kristian Lahus administrerer Team Telemark, og fortel om tre gode skirenn i noregscupen på Gålå i helga. Han er nøgd med prestasjonen til Runar Skaug Mathisen på fredagens 15 kilometer fristil.

– Runar gjekk sitt beste renn i Noregscupen. Han gjekk lenge i lag med vinnaren Anders Gløersen, og følgde han i fem-seks kilometer. Gløersen seier sjølv han gjekk eit toppløp, og når det berre var eit halvt minutt opp til toppen, fortel det at Runar gjekk eit godt løp, seier Lahus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag var det klassisk sprint der begge brørne Torgeir og Ånund Lid Byggland gjekk vidare frå prologen.

­– Torgeir vann sitt kvartfinale-hit og leika seg med konkurrentane. Han gjekk også bra i semifinalen, og kom akkurat ikkje vidare. Det blei ein 8. plass til slutt i løpet, som er det beste han har gjort som seniorløpar. Torgeir er blant dei 15 beste sprintarane i landet, fortel Lahus.

– Ånund Lid Byggland gjekk også ein bra kvartfinale, men vart påkøyrd av ein annan løpar og gjekk i bakken, seier Lahus.

Ånund lid Byggland gjekk godt, men vart påkøyrd bakfrå og fall i eine kvartfinalen under sprinten.
Ånund lid Byggland gjekk godt, men vart påkøyrd bakfrå og fall i eine kvartfinalen under sprinten.
Torgeir Lid Byggland vann klart sin kvartfinale under laurdagens sprint.
Torgeir Lid Byggland vann klart sin kvartfinale under laurdagens sprint.

På sundagens 15 kilometer klassisk var Skaug Mathisen i ferd med å gå eit nytt toppløp.

– Han låg ann til å bli topp 20 heilt fram til rett før mål då han gjekk over ende i ei utforkøyring og ein ski delte seg i to, seier Lahus.

Ånund Lid Byggland gjekk her inn til ein 30. plass som var oppløftande for ein sprinter.

– Det er eit godt resultat på distanse for ein sprinter, seier Lahus.

Den neste konkurransen nå blir skandinavisk cup i Finland om tre veker. Elles ser Team Telemark fram til å vise fram dei lokale skitalenta på dei ulike skirenna i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er moro å sette Vest-Telemark tilbake på langrennskartet, seier Lahus.