Sport

Tok steget frå Playstation til racingbanen

Tok steget frå Playstation til racingbanen

For Daniel Kroken var simulator på Playstation god teoretisk læring før han sette bak rattet i ein racingbil.

30-åringen frå Høydalsmo har gjennomført sesongens to fyrste konkurransar i Formula Basic. Førre helg køyrde han inn til to andreplassar på Gelleråsen motorstadion i Karlskoga i Sverige. Han kjempa lenge jamt med Edward Sander Woldseth om sigrane, men måtte sjå seg slått i båe konkurransane.

Det er andre sesongen Kroken og dei tre andre i Team Psynchro deltek på racingbanen. I tillegg til Kroken er sambygding Øyvind Nordahl og Ketil Thomassen (Kristiansand) og Asle Rugland Skjørestad (Jæren) med. Dei trefte kvarandre gjennom ei fellesinteresse for bil – og racingsimulator. Dei blei gode vener.

privat - I toppen Daniel Kroken frå Høydalsmo hevdar seg i toppen av Formula Basic. Førre helg reiste han heim frå Sverige med to andreplassar.

I toppen: Daniel Kroken frå Høydalsmo hevdar seg i toppen av Formula Basic. Førre helg reiste han heim frå Sverige med to andreplassar.Foto: privat

Daniel og Ketil tok turen til Nürburgring i Tyskland for å sjå på billøp. Her blei draumen om å køyre ekte racingbil vekt for alvor. Året etter var dei tilbake og fekk prøve seg på banen. I 2016 gjekk dei fire saman om å kjøpe to Formula Basic-bilar som hadde vore skulebilar på Silverstone i England.

Meir tid enn pengar

Tanken bak denne racingklassa er at alle skal ha like bilar. Bilane av merket Van Diemen veg om lag 475 kilo, og må minimum vege 550 kilo, inkludert sjåfør. Toppfarten er 200 kilometer i timen. Det er ein Ford Fiesta XR2 1986–1989-modell, 1,6 l, 110 hestekrefter. Motoren kan optimaliserast, men ikkje modifiserast.

– Det er ein rimeleg inngang til racingssporten, seier Kroken, som seier dei gav vel 30 000 totalt for dei to bilane.

Se dette bildet i full størrelse
Privat - Ramma Bilen er bygd opp kring ei stålrørramme.

Ramma: Bilen er bygd opp kring ei stålrørramme.Foto: Privat

– Det er den billigaste klassa innan seriøs bilsport. Det kostar meir tid enn pengar, for det blir ein del skruving, seier han.

Kroken har alltid vore opptatt av bil, og har sidan 2006 jobba som mekanikar på Lio Auto på Dalen. Her får han også låne verkstad og utstyr til å halde på med hobbyen.

– Eg har fylgd med på billøp og har drive ein del med isbanekøyring både i Kviteseid og Høydalsmo, seier Kroken.

– Køyring på isbane burde forresten ha vore obligatorisk for alle som skal køyre bil, meiner sjåføren.

Byter på bilane

Det er berre tre av dei fire som køyrer konkurranse og dei byter på kven som får køyre dei to bilane. Kroken stod over den fyrste konkurransehelga på Vålerbanen. Då hadde han jobben som mekanikar.

–Me er jamgode, seier Kroken om styrkeforholdet mellom dei tre som køyrer konkurranse.

Privat - I farten Bilane har ein toppfart på 200 kilometer i timen.

I farten: Bilane har ein toppfart på 200 kilometer i timen.Foto: Privat

Det er lite premiar å kjempe om, men mykje heider og ære.

I fjor fekk høysekken køyre alle løpa. Han blei nummer tre i samandraget i Formula Basic der det stort sett er norske deltakarar.

– Eg håpar me i løpet av eit par år kan kjøpe ein tredje bil, seier han.

Litt som TV-spel

– Korleis er Playstation samanlikna med den verkelege livet på racingbanen?

– Svaret er faktisk meir komplisert enn du skulle tru. Simulator-racing har blitt såpass ekte at ein kan ha mykje moro, i tillegg til at det kostar mindre tid og pengar. Men sjølvsagt – det er mest moro i ein ekte bil.

Han understrekar at erfaringa frå racingsimulator er god trening, både bruk av pedal, bremsepunkt og lineval på banen er nyttig å ta med seg frå det virtuelle til det verkelege livet.

– Det blir litt som å lære teorien før ein praktiserer, seier Kroken.

Se dette bildet i full størrelse
Privat - På pallen Daniel Kroken (t.v.) saman med vinnaren Edward Sander Woldseth (i midten) og Anders Eriksrud på pallen etter løpa i Sverige.

På pallen: Daniel Kroken (t.v.) saman med vinnaren Edward Sander Woldseth (i midten) og Anders Eriksrud på pallen etter løpa i Sverige.Foto: Privat

Kvartetten er framleis også aktive framom Playstation. Dei møtest til venskapleg dyst.

– Tidlegare var det berre Grand Turismo som galdt. Ingen ting kunne måle seg med det. Nå spelar me Project Cars 2. Det er meir realistisk, seier Kroken.

Sjølv om toppfarten i Formula Basic er på 200 kilometer i timen, innrømmer Kroken at han drøymer om å opp i klassene.

– Me får prøve oss litt fram fyrst, seier han.

Aller fyrst står det at tre konkurransehelger. Kroken skal køyre to av dei.