Bak frå venstre Ann-Merethe Støyle, Helene Midtbøen, Juni Johansen, Emma Due, Ingrid B. Birkrem og Guro Garvik. Framme frå venstre Kristine Hustveit Liane, Caroline Bringsås, Kaja Kasin Aase, Oda Jonskås Bekhus, Annbjørg B. Barstad.

Strålande start på sesongen

Samarbeidslaget Seljord/Kviteseid fekk den best moglege starten på sesongen då dei slo Bamble heile 12-0 på bortebane. 

– Litt rusk i maskineriet dei fyrste 15 minuttane, men etter eit mål fungerte alt perfekt, var domen på damelagets Facebook-side. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Oda Jonskås Bekhus var kampens store spelar. Ho skåra 6 av dei 12 måla. Også Helene Midtbøen (3), Kristine Hustveit Liane (2) og Annbjørg B. Barstad (1) teikna seg på skåringslista for laget som i fjor var heilt suverene i avdelinga si.

Måndag møter Seljord/Kviteseid  Borg på Eventyrøy.