annonse

Snudde kampen

Matchvinnar
Matchvinnar: Cristobal Montiel avgjorde kampen. Arkiv (Foto: Øystein Øygarden)

Vinje/Åmdal viste god moral og snudde heimekampen mot Gjerpen tysdag.

  • ? Øystein Øygarden

– åmot

Sjølv om gjestene frå Skien tok leiinga både 1-0 og 2-0 gav ikkje heimelaget opp på kunstgraset i Åmot.

Bjørge Skjebreid Djuve reduserte til 1-2 ti sekundar før laga gjekk til pause. Tidleg i andre omgang utlikna Eirik Taraldlien med sitt andre mål på to kampar. Cristobal Valencia fekk æra av å vera sist på ballen på vinnarmålet. Dermed var det to frå Dalen (Djuve og Valencia) og ein frå Fyresdal (Taraldlien) som skåra målet for samarbeidslaget frå Vinje og Tokke.

– Det er veldig artig, seier vinbyggjen Rune Sudbø Tveito som er trenar.

I mål stod ein gamal kjenning. Mangeårig spelar og trenar Bård Øien stilte opp for tredje gong denne sesongen.

– Dei to fyrste kampane tapa med 0-4, så det var godt med ein siger.

Med sesongens femte siger klatra Vinje/Åmdal opp til 5. plass i 5. divisjon. Fredag 22. juni er den siste kampen før ferien, då reiser vesttelane til Skien for å møte Skiens Grane. Haustsesongen startar 18. august med heimekamp mot topplaget Storm 2 som så langt i sesongen har åtte sigrar, ein uavgjort og ingen tap.

oystein.oygarden@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.