annonse

Skåra to då han sa farvel

Avslutta med stil
Avslutta med stil: Nicklas Signebøen har vore ein viktig bidragsytar i Seljord-fotballen. Arkiv (Foto: Øystein Øygarden)

Seljords toppskårar Nicklas Signebøen spela tysdag sin siste kamp for Seljord.

Øystein Øygarden

–Seljord

– Me mistar ein klassespelar, seier Seljord-trenar Øyvind Oland.

Signebøen som no flyttar heim til Fredrikstad tok på seg kapteinsbandet og avslutta Seljord-karrieren med å skåre båe gjestenes mål i den vanskelege bortekampen mot topplaget Skarphedin 2.

Heimelaget skåra to mål etter dødball i fyrste omgangen, og berre ei god målvakt i bøheringen Eskil Langkås i Seljord-målet hindra fleire mål. I andre omgang reduserte Signebøen og gav seljordingane håp om poeng i lokaloppgjeret, men i staden for 2-2 auka heimelaget til 3-1 på ei kontring. Seljord nekta å gje seg, og Signebøen reduserte nok ein gong. Sjølv om gjestene sendte mange mann i angrep mot slutten måtte dei innsjå at det sjette strake tapet var eit faktum. Seljord vann sesongens fyrste kamp mot Siljan. Sidan har det berre blitt tap og laget er no heilt sist i 6. divisjon. Det er berre eitt poeng opp til Stathelle 2 på plassen føre, men fem poeng til Siljan på 10. plass.

– I dei siste kampane har me spela jamt mot gode lag, seier Oland.

oystein.oygarden@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.