Håkon Lie frå Åmdals Verk har gått skirenn i Australia og New Zealand.
Håkon Lie frå Åmdals Verk har gått skirenn i Australia og New Zealand.

Langrennslykke i Australia og New Zealand!

«Do we have snow?» orda kjem frå ein australask klassekamerat. Eg fortel at eg må forte meg med å få ferdig radioreportasjen min om Australias største skirenn, eg må rekkje eit fly for sjølv å vere deltakar.

Australias største skirenn heiter «Kangaroo Hoppet», og er ein del av verdsserien Worldloppet. Worldloppet er ein internasjonal organisasjon som har som mål å fremje langrennssporten rundt om i verda. Berre det beste skirennet frå eit land får lov å bli medlem av organisasjonen. I dag omfattar serien 20 skirenn frå 20 ulike land, der dei mest kjende for nordmenn vil vere Birkebeinarrennet, Vasaloppet og italienske Marcialonga.

Men ein kan altså gå skirenn i meir eksotiske land, slik som Australia, New Zealand, Argentina eller Kina. For dei som er glad i å samle, slik som underteikna, kan ein kjøpe eit pass, og få stempel frå kvart skirenn ein har gått. Ti ulike renn i ti ulike land, der minst eitt renn må vere på eit ana kontinent gjer deg retten til å bli ein Worldloppet Master, og hauste heider, ære, medalje og ein diplom.

Artikkelen held fram under annonsen.

På ski i august

Sidan Australia ligg på motsett side av ekvator, betyr det også at årstidene er motsett av Noreg, noko som betyr vinter på sumaren og sumar på vinteren, om ein ser frå eit norsk perspektiv. Ein kan difor gå på ski i august, i staden for å kjempe mot skogbrannar. Langrennsmiljøet er ikkje stort i Australia, her er det rugby og australsk fotball som gjeld. Dei aller fleste i Australia har aldri sett snø, og nokre veit ikkje at det er snø her i det heile.

Staden skirennet var heiter Falls Creek og er ein fem timar lang busstur frå storbyen Melbourne. Eg hadde fått kontakt med ein australsk skiløpar, eg hadde blitt kjend med frå tida mi på Hovden Skigymnas. Me hadde ikkje sett kvarandre på ti år, men han tok meg godt imot og praten gjekk lett.

Falls Creek var ein eksotisk stad for ein nordmann å gå på ski. Bussen snirkla seg oppover, gjennom tett jungel og plutseleg såg me snøflekkar midt i «jungelen». Alle trea hadde framleis blad, og det var grønt og frodig med litt kvitt gull innimellom. Dei lokale kunne fortelje om ein av dei beste skisesongane nokon sinne med over to meter med snø, og skiforhald sidan juni.

Aldri avlyst

Rob Jones som var han eg sov hjå, kunne fortelje meg at av alle dei 20 ulike renna i Worldloppet-serien, var Kangaroo Hoppet det einaste skirennet som aldri hadde vore avlyst. Kven skulle trudd det at Noreg har måtta avlyse og ikkje Australia? Ikkje eg i alle fall.

På renndagen var det eit strålande vêr. Ikkje ei sky på himmelen, lite vind og nokre få minusgrader. Rundt 1000 personar frå 24 nasjonar stod på startstreken fordela på dei ulike distansane, 42 km, 21 km og 7 km. Eg skulle gå 42 km, og utan særleg trening var eg førebudd på at det kom til å bli tungt.

Føret var raskt i starten, og med eit hovud som framleis trur at kroppen er i form, starta eg sjølvsagt altfor hardt, og fekk smake det etter kvart. Løypa var veldig fin, med litt svingar, nokre sugande motbakkar og nokre artige nedoverbakkar. Og nemleg i nedoverbakkane såg eg meg snitt til å kappe innpå konkurrentane. Mange køyrde som krykkjer, og eg tok den eine etter den andre, men plutseleg forsvann staven min i ein sving, eg mista balansen og fór rett ut i ein sving. Ein flau nordmann hadde knekt staven, fått hol i skidressen og var ikkje lengre så eplekjekk.

Det var ikkje stavpostar rundt kvar ein sving, så det gjekk nokre kilometer før eg fekk ein ny stav. Staven fekk eg frå ei blid dame i 60-åra, som truleg hadde hatt staven sin i 40 år. Den var 15-20 cm for kort og vog eit tonn samanlikna med den andre staven min. Men stav er stav, som mamma plar å sei. Men det fekk bli slik dei siste to mila, eit halvt år utan ski på beina var ikkje den beste oppladinga uansett.

I mål kom eg i alle fall og var nøgd med det. Nokre bilete for å forevige augneblinken blei det før me sette kursen for noko å bite i, og ein heidundrande grillfest hjå Australias beste skiløpar dei seiste åra, Phillip Bellingham.

Artikkelen held fram under annonsen.

Merino Muster

Alt veka etter var det klart for nytt skirenn «down under», men då i nabolandet, New Zealand. Dette rennet er betydeleg mindre enn Kangaroo Hoppet, og har berre vore med i Worldloppet-serien sidan 2014. Merino Muster som rennet heiter ligg i nærleiken av byen Queenstown på Sørøya. Ein sportsleg prega by med alt av aktivitetar ein kan tenkje seg, her kan ein prøve fallskjermhopp, strikkhopp, vatn-aktivitetar og det er gode ski moglegheiter.

Dagen før rennet leigde eg ein bil på flyplassen og sette kursen mot den vesle landsbyen Cardrona. Her plukka eg opp startnummeret mitt i det kulaste rennkontoret eg nokon gong har sett. Det var nemleg ein gamal saloon, med svingdørar, fyr i peisen og ein god gamaldags western stemning. Dei fleste posar med startnummer inneheld som regel litt reklame, nokre sportsbarar, rosiner eller andre ting ein assosierer med idrett og sunne verdiar. Leiinga i Merino Muster tenkjer litt utanfor boksen og hadde fått med seg det lokale gin-destilleriet med på laget, så alle deltakarane fekk ei lita flaske gin til å prøve før, under eller etter rennet.

Naturen her var meir lik Noreg, fjella var like, trea var like og til med snøskuterane var like. Ein av tinga som var ulikt var interessa for langrenn. Der det i Noregs største skirenn, Birkebeinarrennet og Skraverennet samlast tusenvis av deltakarar, var me her berre ein nordmann og 299 andre deltakarar som fullførte ein av dei tre distansane, 42 km, 21 km eller 7 km. Likevel var arrangøren svært godt nøgd, for dette var nemleg ny deltakarrekord!

Mot amerikanarane

Vêret på renndagen kunne ikkje ha vore meir perfekt. To minusgrader på start, strålande sol og betongspor. Eg tenkte i mitt stille sinn, tenk så heldig eg er som har skigleda og moglegheita til å oppleve dette. På startstrek stod heile det amerikanske skilandslaget med Jessica Diggins i spissen. Førre helgs tøffe start hadde sett sine spor hjå den stadig eldre Lie, og klok av skade stilte eg meg litt bak i feltet for heller å kome som ein kanon mot slutten. Løypa bestod av tre ulike rundar, i eit varierande og kupera terreng.

Dei beste amerikanarane forsvann fort, men eg fann meg nokre gode grupper og berre smilte. Eg måtte ta meg tid til å nyte dette. Nyte desse augneblinka, nyte vêret og ikkje minst nyte utsikten. Sjølv om det er konkurranse og ein prøvar å gå så fort ein greier, vil alltid skigleda og opplevingane vere viktigast for meg. Det er viktig å stoppe opp av og til å tenkje at fy søren, no har eg det bra. Men sjølvsagt ikkje for lenge når ein er midt i eit skirenn. Eg trur eg greidde det, stoppe opp akkurat nok til å nyte det, men samstundes halde farten sånn nokolunde oppe.

Dei to fyrste rundane gjekk greitt, og eg kjende meg mykje betre enn førre helg. Det hadde tydelegvis hjelpt med ein dag på ski. Skia som pappa hadde smurt i juni var også mykje betre enn førre helgs nysmurde ski, skismørjing kan ein visst aldri bli heilt klok på.

Me skulle no legge i veg på den seiste runda kalla, «Hanging Valley». Med sine bratte dalar og seige motbakkar var dette ei tøff runde, men det var godt å sjå at det var andre som hadde det tyngre enn meg. Ein japanar stod plutseleg heilt stille i ein motbakke og ein italienar hadde gått på ein god gamaldags næringssmell, og stod å gafla i seg banan etter banan i det eg gjekk forbi. Løypa snirkla seg oppover bakkane i etasjar, og nokre stader var det så bratt ned på utsida av løypa at den nedarva høgdeskrekken frå han far, nesten slo inn.

Som 27. deltakar og 20. mann kom eg meg i mål i dette flotte rennet. Ein dag som går inn i minneboka som ein av mine flottaste dagar på ski nokon gong. Eg har sjeldan eller aldri opplevd betre vêr på ski, og det kombinera med flotte skiløyper og ein eksotisk stad, ja det er rett og slett ein uslåeleg kombinasjon.