annonse

Gulljenta i gruvegangen

Gulljenta
Gulljenta: Ann Helen Rinden saman med ex-trenar Erik Skjervagen. Det var Skjervagen som fekk Ann Helen til verkeleg å satse på friidretten. Noko begge er veldig glade for i dag. (Foto: Hans Eivind Øygarden)

Litt friidrettshistorie frå VTB-arkivet i samband med at det er EM i Berlin no: Det er i desse dagar 20 år sidan Ann Helen Rinden frå Åmdals Verk tok sine fyrste NM-gull i friidrett. Totalt tok ho åtte NM-gull og 14 medaljar.

  • Hans Eivind Øygarden

Ann Helen Rinden (22) har kome heim etter jubeldagane på Askøy. Bygda tok i mot gulljenta med blomar, norske flagg og champagne. - Kjempemoro, smiler Ann Helen.

Heile avisa frå 8. august 1998 kan du lese her

Morgonen etter heimkomsten var Ann Helen Rinden på plass ved Åmdals Verk Gruver. Her har ho sin årlege sommarjobb. VTB var med då gulljenta frå Åmdals Verk møtte gamletrenaren, Erik Skjervagen. Mannen som fekk Ann Helen til å satse på friidrett.

- Han ville sjå meg

- Hadde det ikkje vore for Erik hadde eg ikkje byrja med friidrett, seier ungjenta. Erik Skjervagen er rådmann i Fyresdal. Tidlegare har han drive med sprint sjølv, og han har vore landslagstrenar i to år. Då Ann Helen fekk høyre at Skjervagen hadde flytt til Fyresdal, tok ho kontakt. Men det var berre så vidt.

- Eg var kjempenervøs. Men til slutt torde eg ringje han. Eg hugsar ikkje kva eg sa, men han inviterte meg iallfall til Fyresdal. Han ville sjå på meg, som han sa. Dette var i 1993, og Ann Helen var 17 år. Ho hadde då drive med friidrett sidan ho var ni år. Alt frå lengde til 800 meter stilte Ann Helen opp i. Men ho dreiv ikkje med noko trening. Det var difor ho ringde Skjervagen i Fyresdal.

Naturtalent

- Eg hadde lyst til å trene for å bli god. Men då trong eg ein trenar, seier ho. Ann Helen drog til kommunehuset i Fyresdal. Der møtte ho Erik, som tok ho med ut på asfalten. Der sprang ho rundt, medan rådmannen såg på .

- Eg såg med ein gong at ho hadde talent, seier Erik Skjervagen, og forklarar vidare:

- Anten har ein talent eller så har ein det ikkje. Ann Helen var så absolutt eit naturtalent. Men det er ikkje dermed sagt at du må bli god av den grunn. I tillegg må utøvaren ha topp innstilling, vilje og motivasjon. Alt dette har Ann Helen til gangs. Duoen samarbeidde i tre år. Då fann dei ut at det beste for den vidare utviklinga til Ann Helen ville vere å kome til eit større friidrettsmiljø.

- Ann Helen og eg var dei einaste som trena saman. Etter kvart fann me ut at ho trong fleire å prate og dele erfaringar med. Samstundes er det viktig å ha nokon å konkurrere mot på trening, understrekar gamletrenaren.

Ut for å koma vidare

Då Ann Helen Rinden kom inn på førskulelærar i Oslo, var ikkje valet av klubb vanskeleg. BUL er leiande på sprintsida for kvinner. Det er ein klubb med tradisjon og god organisering. Ann Helen har fire andre jenter som ho trenar saman med. I Olav Magne Tveitå har ho ein framifrå trenar.

- Det hadde ikkje gått å halde fram åleine, eg måtte ut for å koma meg vidare, seier den sympatiske jenta. Som framleis representerer Åmdal IL, noko ho vil halde fram med.

- Eg har fått utrulg god støtte heile vegen. Ulike sponsorar frå kommunen har stilt opp i alle år. Bygdfolket er og heilt glimrande. Det er her eg høyrer heime, seier Ann Helen Rinden.

I helgas noregsmeisterskap tok som kjent gladjenta to gull og eit sølv. Ann Helen vart med det ein av dei store profilane på Askøy. Men ho mistar ikkje bakkekontakten av den grunn.

- Eg er den eg alltid har vore, seier ho.

To veker før NM tok Ann Helen også reint bord i nordisk meisterskap for ungdom. No står junior NM i Stjørdal neste helg for tur.

Satsar på 200- og 400 meter

Framover vil Ann Helen satse på 200- og 400 meter. Dette rådar og (rådmann) Erik Skjervagen til.

- Du bør satse på dei to distansane. Her har du mest å gå på. Det er 6g på desse du er best. Du har ikkje nok frekvens på 100 meter, meinar ex-trenar Erik Skjervagen.

Ann Helen Rinden og Erik Skjervagen trur noregsrekorden på 400 meter står for fall når som helst. Rekorden til Sølvi Olsen Meinseth er på 52.45. I gulløpet sprang Ann Helen på 54.08, og slo dermed sin gamle pers med ni tidelar. Erik og Ann Helen har heile tida hatt OL i Sidney som eit langsiktig mål. No er målet nærare enn nokon gong. Om framgangen fortset treng nok ikkje Ann Helen vente heilt til OL i år 2000 før ho representerer Noreg i eit stort meisterskap. Neste år går VM av stabelen i Sevilla, Spania.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.