Etter å ha gjennomført Ironman France i helga, er Marie Veslestaul no berre fire deltakingar unna målet på 12 Ironman-konkurransar, som gjev moglegheit for å delta i verdsmeisterskapen på Hawaii. Her frå etter ho gjennomførte trippel-triatlon i Tyskland i 2016.
Etter å ha gjennomført Ironman France i helga, er Marie Veslestaul no berre fire deltakingar unna målet på 12 Ironman-konkurransar, som gjev moglegheit for å delta i verdsmeisterskapen på Hawaii. Her frå etter ho gjennomførte trippel-triatlon i Tyskland i 2016.

Fullførte sin 8. Ironman-konkurranse

I steikande sol stilte Marie Veslestaul sundag til start i uthaldstevlinga Ironman France, som gjekk av stabelen i byen Nice på den franske rivieraen.

Å bevege seg 226 kilometer under optimale forhold står det respekt av i seg sjølv, og når gradestokken kryp opp mot 30 grader i skuggen, som den gjorde i Nice på sundag, blir 3,8 kilometer symjing, 180 kilometer sykling og 42,2 kilometer løp endå meir imponerande. Veslestaul kom i mål etter 13 timar og 42 minuttar, og kan opplyse om at det var spesielt tøft å springe i varmen på Azurkysten. «Kroppen ville ikkje springe i varmen, sjølv om eg prøva febrilsk. Det kom seg ikkje før det blei seint og soli gjekk ned bak hotella på strandpromenaden», referer Veslestaul på Instagram i etterkant av styrkeprøva.

Triatlonen i Nice var den åttande Ironman-konkurransen jernkvinna frå Øyfjell har gjennomført i karrieren, og ho er no berre 4 unna målsetjinga på 12, som gjev moglegheit for å kvalifisere seg til den gjævaste Ironman-konkurransen av dei alle – verdsmeisterskapen på Hawaii.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forutan dei åtte offisielle Ironman-konkurransane, har Veslestaul gjennomført tilsvarande distanse ni gonger. Med andre ord har ho, på 17 konkurransar, svømt meir 65 kilometer, sykla 3 060 og sprunge 718. Det er like langt som det er frå Øyfjell til Canada.