Kvaale med plakett og sigerspokal.

Eivind (24) satsar vidare på langrenn i USA

Etter sin beste sesong som senior håpar Eivind Romberg Kvaale (24) frå Høydalsmo og ta endå fleire sigrar i regionalmeisterskapen i USA.

Kvaale har vore student og skiløpar ved Denver University i to år. Han har avslutta masterstudiane i MBA og finans, men har no takka ja til tilbodet om å ta eitt år til på skiteamet, i kombinasjon med masterstudie i rekneskap og revisjon.

– Det var ikkje noko vanskeleg val, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB tok ein prat med langrennsløparen før han skulle tilbake til Denver.

– Det har vore ein fin sommar. Alltid godt å kome heim til Høydalsmo, men eg kjenner no at det blir greitt å kome tilbake til kvardagen att, seier Kvaale.

Han har halde forma ved like, mellom anna med orientering. Delar av sommaren har han også bruka til å vera instruktør på sommarskiskule i Gausdal og Trysil, slik han har vore dei siste fem åra.

Han har fått ei fin utdanning i USA. Her frå graduation-seremonien.
Heile laget frå Denver University som vann samanlagt.

Vand med høgda

Han bruka den fyrste sesongen til å bli kjent med sitt nye miljø. Spesielt det å trene og konkurrere på 2000-3000 meter høgde var ei utfordring.

– Det er litt annleis enn å gå på skistadion i Høydalsmo, for å seie det slik, smiler han.

– Nå i vinter gjekk det veldig bra. Det er lenge sidan eg har gått så fort på ski, legg han til.

Veldig bra, betyr i denne samanheng: ein siger, fem pallplassar, 3.-plass i den amerikanske meisterskapen og med på laget som vann universitetscupen. Han stilte til start i 15 FIS-renn i USA og Canada og var topp 10 i 13 av dei.

På universitet er det stor prestisje å vinne samanlagt. Her er langrenn og alpint saman. Tre kvinner og tre menn i kvar grein tevlar for universitetet sitt. Kvaale blei ikkje tatt ut fyrste året, men i fjor var han ein viktig bidragsytar i samanlagtsigeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore på mange fine lag i Noreg med gode opplegg, men der er det meir treningssamarbeid. Her tek me poeng saman, og det er ikkje nok at ein vinn, viss dei andre hamnar langt nede på resultatlista. Me såg før den siste konkurransen at me hadde gode sjansar i samandraget. Då la me opp løpsopplegget slik at også han som i utgangspunktet ikkje er så sterk, kunne henge på heilt inn. Det er artig å sjå korleis dei har fått ein individuell idrett til også å bli ein lagsport, seier Kvaale.

Intensiv sesong

Når han no reiser tilbake til Denver byrjar førebuingane til sesongen. Men han har ingen planar om å vera i form for tidleg. Den fyrste verkelege konkurransen er amerikansk meisterskap i Vermont i januar 2019. Då møter han fleire løparar som skal til VM i Ramsau månaden etter. Sesongen er ferdig i midten av mars.

– Februar er den viktigaste månaden. Eg har ingen plan om å vera ei hauststjerne slik eg var tidlegare, seier han.

Men han håpar å få måle krefter mot gamle kjenningar når han kjem heim att til Noreg i desember. Kva renn det blir, veit han ikkje – men det blir konkurranse.

– Elles er målet å vinne fleire skirenn gjennom sesongen. Eg vann eitt renn i fjor, og håpar å byte ut 2. og 3.-plassane med endå fleire fyrsteplassar.

Må ta eit val

Etter sesongen som kjem må han ta eit val. Då kan han ikkje lenger gå på universitetslaget. Derfor ber det truleg heim til Noreg. Men om det blir vidare satsing på langrenn, har han ikkje bestemt seg for.

– Eg må vera ærleg å seie at motivasjonen min for å leggje ned dei store mengdene med trening gjennom sommaren og hausten blir mindre. Eg har drive med langrenn sidan eg var 12-13 år, og byrjar å bli litt mett. Samstundes hadde det vore moro å vera med på eit lag som Team Telemark. Men me får sjå kva som skjer, seier han.

– Eg har fått meg ei fin utdanning i USA, eg var god som junior og har hatt ei ok karriere som senior så det vil ikkje vera noko nedtur å gje meg, held han fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er utdanna det som i Noreg tilsvarar siviløkonom. Når han kjem heim ser han for seg å bu og arbeide i ein by. Men litt lenger fram ser han for seg meir landlege omgjevnader.

– Eg ser for meg å bu i Vest-Telemark, eller i nærleiken i framtida. Eg har blitt meir og meir glad i Vest-Telemark etter at eg flytta ut, og ser verkeleg verdien av nærleiken til naturen.