Asgeir Storrusten (t.h.) er med Sandefjord futsal som denne veka spelar gruppespel i Champions League. Her saman med trenar Niklas Espegren og Erlend Vie, som også er ny på laget. - Keeperen er klubbens yngste spelar og ein av få på laget med sine beste futsalår føre seg, skriv klubben på sin Instagram-konto.
Asgeir Storrusten (t.h.) er med Sandefjord futsal som denne veka spelar gruppespel i Champions League. Her saman med trenar Niklas Espegren og Erlend Vie, som også er ny på laget. - Keeperen er klubbens yngste spelar og ein av få på laget med sine beste futsalår føre seg, skriv klubben på sin Instagram-konto.

Asgeir spelar Champions League innandørs

Den tidlegare Seljord-keeperen Asgeir Sundbø Storrusten spelar no Champions League for Noregs beste futsal-lag.

23-åringen frå Flatdal er i troppen til Sandefjord futsal som tysdag reiste til Wiener Neustadt i Austerrike for det fyrste gruppespelet i Champions League.

Onsdag spela dei fyrste kamp mot Encamp frå Adorra. På motsett banehalvdel var mellom andre den tidlegare Barcelona-spelaren Javier Saviola. Både Storrusten og Saviola starta på benken for sine lag. Argentinaren viste at han framleis kan, og skåra Encamp sitt mål på frispark i 1-2-tapet mot nordmennene. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Storrusten har tidlegare vakta målet til mellom andre Seljord og Skarphedin. Det var den tidlegare keeperkollegaen i Bø, Andreas Ajer, som introduserte han for futsal og Sandefjord futsal, eit lag med base i Oslo, men med ein kjerne av spelarar frå kvalfangarbyen. Ajer er landslagskeeper, og Storrusten må vente å starte på benken. Men han ser gjerne at han går same vegen som kameraten. 

– Han byrja også som reserve for landslagskeeperen. Nå er han heilt i noregstoppen, seier Storrusten.

– Eg er nybyrjar og tek dette som ei nyttig erfaring, og så har eg ein veldig god mentor i Andreas, legg han til. 

Flatdølen har berre trena med klubben i ein månad, men sa ikkje nei til å bli med til Austerrike då eliteserievinnarane skulle møte europeisk motstand. Då VTB snakka med han onsdag venta han på taktikkmøtet før kveldens kamp. Dei kjenner ikkje motstandarane godt, men har videoanalyse av kvart lag. Om laget går vidare frå gruppespelet ventar det nytt gruppespel før eventuell semifinale og finale. Futsal-sesongen i Noreg startar opp att i oktober.

Storrusten har lagt den «vanlege» fotballen litt på hylla, og prioriterer tid på futsal ved sida av studiane på Høyskolen Kristiania der han er i gang med bachelor i HR og personalleiing. 

– Kva er skilnaden mellom å stå i mål ute og inne?

– Det er to heilt ulike idrettar. I futsal er ein meir som ein handballkeeper. Ein brukar til dømes ikkje hanskar, er meir involvert i spelet, og bør ha god teknikk, seier Storrusten. 

– Kjem du til å satse på futsal?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hadde vore moro å prøva litt og sjå kor langt eg kan nå.