annonse

Ynskjer meir areal

Nytt innslag
Nytt innslag: Johan Ziener Thronsen har fått låne urmakarutstyr som tidlegare har vore i Fyresdal og Treungen. Begge (Foto: Geir Ufs)
Til utstilling
Til utstilling: Pistol brukt i Vinjesvingen under krigen. (Foto: )
Større: Det er ynske om å doble både kafé- og utstillingsarealet. (Foto: )

Eigaren av Z-Museum kunne sjølv bygd for ei stor landbruksutstilling, om det ikkje hadde vore for skatte-reglane.

Geir Ufs

Nissedølen Johan Ziener Thronsen opna sitt private museum i Treungen 12. mai 2012. Fram til årets sesong hadde over 34 000 vore innom og sett på alt det gamle som finst i det 2 000 kvadratmeter store lokalet. Då har ein ikkje rekna med barna, for dei kjem inn gratis.

Museet er nå ope kvar dag til slutten av oktober, ser ein bort frå måndagar då det er ope berre i juli.

– Det er nokre tusen gjenstandar her, alt er gamal moro.

Landbruksutstilling

Men Thronsen kan tenkje seg mykje meir gamal moro. Ynsket er å få eit dobbelt så stort areal som nå, og få på plass ei stor landbruksutstilling.

– Fylkeskommunen og andre har vore innpå om å vere med og sy saman noko økonomi til eit bygg. Så fort dei har reist over Tveitsundbrua, er dette gløymd, seier Thronsen.

Så går han laus på den norske skattepolitikken.

– Me som bur i Noreg skal takast om me investerer i dette landet. Me får formuesskatt, men det gjer ikkje nordmenn som bur i utlandet og har bedrift i Noreg. Eg og familien min betaler fort hundrevis av tusen i formuesskatt kvart år. Dei pengane kunne fort betjent eit bygg til to–tre millionar kroner, noko som hadde dobla arealet her. Då hadde draumen min kome på plass – å lage ei landbruksutstilling. Slikt tilbod finst ikkje i landet i dag, seier museumseigaren.

Etterlengta

Om det hadde kome ei stor landbruksutstilling i Treungen, ville museet satsa på å få skuleklasser som kunne lært om utstyr og anna som blei bruka tidlegare. Vidare kunne ein gått mot næringslivet og laga eventar.

– Då ville Telemark fylke fått ei etterlengta utstilling, seier Thronsen.

Tomrom

Ein annan ting han er oppteken av, er korleis ein skal få tak i ting å vise i framtida.

– Nå skal alt gjenvinnast, bilar og andre ting. Ein ti år gamal bil i dag kjem ikkje inn i historia, anna enn om han er tatt bilde av. Om 20 år får me problem med å skaffe oss 30 år gamle ting til å ha på museum. Å ta vare på den fysiske historia blir vanskeleg. Historia får eit tomrom – på ein måte stoppar ho opp, seier Thronsen.

Mista omvisar

I sesongen er det fem sysselsette ved Z-Museum. Ein bestemt person er der ikkje meir.

– Den fantastiske omvisaren me hadde døydde i fjor. Er det ein pensjonist som ynskjer å gjere noko på museet, kan me ta ein prat om det, seier Thronsen.

Annankvar eller kvar dag i sesongen kjem det bussar med folk som vitjar museet. Ein del er utlendingar, og kvar sesong har det kome sørkoreanarar.

Thronsen har undra seg over noko når det kjem folk frå Sør-Korea. Nesten alle er damer. Thronsen fann ut han ville spørje ein guide om kvifor det er slik.

– Han svara at menn i Sør-Korea reiser ikkje på ferie, fordi dei er redde for at når dei kjem heim att, har dei mista jobbane sine.

Økonomi

SMuseumsinntektene går til noko vedlikehald, straum forsikring og lønningar.

– Så er det tomt. Eg er ikkje oppteken av å gjere økonomi på museet, seier Thronsen.

geir.ufs@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.