annonse

Vil ha betre utsikt

Betre utsyn
Betre utsyn: Tarjei Gjelstad (t.v.) og Halvor Homme ynskjer at det blir fjerna ein del skog og kratt langs Nisser, som her der ein skimtar vakre Hægefjell i bakgrunnen. (Foto: Geir Ufs)
Sjå fjorden
Sjå fjorden: Gjelstad og Homme ser gjerne at ein ved rasteplassen i Kviteseidkleivane får sjå meir av Kviteseidfjorden. (Foto: Geir Ufs)

To ordførarar vil ha bort skog og kratt langs Rv41 slik at vegfarande får ei betre oppleving.

Geir Ufs

Kviteseid/Nissedal

Kviteseidordførar Tarjei Gjelstad og Nissedal-ordførar Halvor Homme vil sjå om ein kan bidra på nokon måte i forhold til attgroing langs Rv41. Dei meiner ein må gjere noko med dette, både langs Nisser og også gjerne for å få betre utsikt mot Kviteseidfjorden frå rasteplassen i Kviteseidkleivane.

– Me ynskjer å sjå på moglegheita for å få til ei betre oppleving og trafikktryggleik langs riksvegen, seier Gjelstad og Homme.

Stør med 300 000

Dei to har hatt eit møte med mellom anna Vegvesenet og AT Skog om saka. Målet var å få i gang eit flott prosjekt der dei to og båe kommunane er med.

Vegvesenet svara med stor velvilje og vil setje av 300 000 kroner til prosjektet. Vidare vil dei bistå med trafikktryggleik under hogstarbeidet og gå over strekningar med ryddemaskiner etterpå. Dette meiner ordførarane vil vere avgjerande for å få gjennomført prosjektet. Ordførarane er veldig takksame for velviljen til Vegvesenet.

Opp mot halvparten

Tanken er å få bort skog og kratt mellom riksvegen og Nisser på opp mot halvparten av den fire mil lange strekninga mellom Treungen og Vrådal.

Noko som blir viktig for prosjektet er å få samtykke til hogst i områda som Vegvesenet ikkje eig. Saman med skogbrukssjef John Olav Lia har ordførarane sendt brev til aktuelle grunneigarar.

– Å køyre langs Nisser er for mange ei stor naturoppleving, sjølv frå eit bilvindauga. For at dette skal kunne halde fram er me avhengige av at vegetasjonen vert halden så låg som råd i synsranda mot vatnet. Me ser at det no stundar mot at tiltak bør setjast i gang for framleis å kunne ha denne utsikta, startar skrivet til grunneigarane med.

Gratis hogst

Vidare blir det informert om at Vegvesenet har sagt seg viljug til å ta på seg driftsutgifter ved utsynshogst langs Nisser. For å kunne gjennomføre dette ynskjer ein løyve frå grunneigarar for å kunne hogge.

– Me presiserer at grunneigarar ikkje får driftsutgifter i samband med denne utsynshogsten, og dermed berre får inntektene. Entreprenør vil stå for vidaresal til gjeldande tømmerprisar, står det i skrivet.

Det er også høve for grunneigar til sjølve å disponere det som blir hogge.

Eit godt høve

– Dette vil vere eit godt høve til å hogge på stader langs Nisser som i andre samanhengar kan vere vanskeleg og kostbart å få nytte seg av. Me oppmodar difor alle om å bli med på dette prosjektet, slik at me kan få nytte oss best mogleg av dei tilgjengelege tilskotsmidlane, blir invitasjonen avslutta med.

Lage p-lan

Når det ligg føre ein oversikt over område der ein har fått samtykke til hogst, skal AT Skog saman med skogbrukssjefen utarbeide ein plan for gjennomføring.

– Når håper de at arbeidet langs riksvegen kan starte?

– Det er veldig press på å få hogstmaskin, så det blir nok etter sommarferien. Manuelt arbeid kan kome i gang før det, svarar ordførarane.

Må søkje andre

Midlane frå Vegvesenet vil nok ikkje vere nok for å fullfinansiere utsynsprosjektet. Derfor vil det bli laga ein søknad til Telemark interkommunale næringsfond om støtte.

– I fjor kom det ladestasjonar langs Rv41 i Treungen og i Kviteseid, og nå ynskjer me utsynsprosjekt. Me får sjå kva me finn på neste år, avsluttar Gjelstad med eit smil.

geir.ufs@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.