Ung jente påkøyrt av bil under «snøbading»

Den 16 år gamle jenta frå Rauland er frakta til Ullevål sjukehus i ambulanse.

Klokka halv fem meldte politiet på Twitter at ein fotgjengar har blitt påkøyrt av ein bil i på Rjukanvegen i Rauland. 

– Det dreier seg om ein ungdom, ei ung jente, seier operasjonsleiar Øystein Eikedal i Sør-Øst politidistrikt til VTB like etter klokka fem.   

Artikkelen held fram under annonsen.

Det viser seg å vera ei 16 år gamal jente frå Rauland. 

Korleis det heile fann stad er uklart enno, men politiet forstår det som at ho og ein gjeng jamaldrande ungdom skal ha «snøbada» ved å hoppe ut av ein bil. 

– Jenta skal så ha hamna ute i vegen att etter å ha bada i snøen, seier Eikedal. 

Frakta til Ullevål 

Etter påkøyrselen skal ho ha vore nedkjølt og sagt at ho hadde smerter i hofter og handledd, skriv TA. 

Fyrst blei det meldt at ho var på veg til legevakta i Skien i ambulanse, men like etterpå melder politiet på Twitter at ho blir køyrt til Ullevål sjukehus. 

Politiet er framleis på staden og avhøyrer vitner og gjer undersøkingar, for å få klart for seg hendingsgangen. 

– Dei jamaldrande venene som såg påkøyrselen blir tekne vare på av eit kriseteam, seier Eikedal. 

Brannvesen og ambulanse var fyrst på staden, medan tre politipatruljar kom fram rundt halv seks. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilføraren var framleis på staden då dei kom. 

Det har vært en del vitner til hendelsen. Politiet avhører dem nå for å skaffe klarhet i hendelsesforløpet. De blir ivaretatt av kriseteam. Hva gjelder skader på jenta er det noe uavklart, men hun blir transportert til Ullevål sykehus i ambulanse.https://t.co/KD104PINmo

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)December 2, 2018