annonse

– Treng leilegheiter

Tenkje nytt
Tenkje nytt: – Det er behov for moderne leilegheiter på attraktive tomter. det kan vera aktuelt å byggje dette på Tippen nær båthamna og på den gamle parkeringsplassen ved Tangane på Dalen, seier Tokke-ordførar Jarand Felland. Han ynskjer mange innspel til framlegget om planprogram som er ute på høyring fram til 19. juni. (Foto: Stein Olav Lie)

Stein Olav Lie

Tokke

I fjor haust stilte formannskapet i Tokke seg positive til å sjå nærare på planane for å byggje på aktuelle tomter på Tippen og ved Tangane på Dalen.

I desse dagar er eit framlegg til planprogram for reguleringsendring av Dalen sentrum ute til høyring. Fristen for å kome med innspel er sett til 19. juni.

«I planprogrammet vil ein mellom anna finne informasjon om avgrensingar, overordna rammer for arbeidet, prosessen, alternative areal for utbygging og tema som skal konsekvensutgreiast», skriv kommunen på heimesidene sine.

– Treng moderne leilegheiter

– Me må tenkje nytt, og moderne leilegheiter er noko det er trong for på Dalen. Det er mange einebustader, men få moderne leilegheiter i kommunen, seier Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp).

Han er oppteken av at det skal vera ein god prosess rundt planane, og han ynskjer mange innspel i saka.

– Me skal sjølvsagt ha ein ryddig og skikkeleg prosess i denne saka, og så blir det slutt opp til politikarane å avgjere. Me treng nye folk til kommunen, og attraktive bustader er eit godt og viktig virkemiddel, seier han.

Ulike synspunkt

Etter at ordføraren la saka ut på Facebook, kom det innspel frå både tilhengjarar og motstandarar av ei slik utbygging.

– Det vil naturleg nok vera delte meiningar, så derfor er det så viktig at me får flest mogleg innspel, seier Felland.

Blant motstandardane var det helst argumentet for at eit mykje nytta friområde blir borte dersom det blir sett opp leilegheiter i nærleiken av båthamna og området der.

Blant tilhengjarane var det attraktiviteten på leilegheitene som kunne vera avgjerande for å få ungdomen tilbake og eventuelt andre – til dømes pendlarar – til å flytte til Dalen og Tokke kommune.

stein.olav.lie@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.