Arne Aasen og dei andre på Telesenteret samarbeider med husflidslaget i Seljord om ein auksjon der inntektene får til barnekreftforeininga i Telemark.
Arne Aasen og dei andre på Telesenteret samarbeider med husflidslaget i Seljord om ein auksjon der inntektene får til barnekreftforeininga i Telemark.

Telesenteret og husfidslaget samlar inn pengar til barn med kreft

I morgon inviterer Telesenteret og husflidslaget i Seljord til auksjon. Inntektene går til barnekreftforeininga i Telemark.

Arne Aasen som driv Ponnytail`s corner på Telesenteret seier alle butikkane stiller velviljug opp med produkt til auksjonen, i tillegg til det som husflidslagets medlemmer har laga.

– Me snakka fyrst med husflidslaget om at dei kunne vera på senteret og strikke, og så kunne me auksjonere produkta bort og gje inntektene til eit godt lokalt formål. Etter kvart kom det framlegg om at alle inntektene burde gå til barnekreftforeininga i Telemark. Etter det var andre alternativ uinteressante, seier Aasen.

Artikkelen held fram under annonsen.

To av dei tilsette på Telesenteret har opplevd kreft som barn, og Aasen kan ikkje tenke ein betre og viktigare mottakar av eit bidrag.

– Foreininga får sjølv avgjera korleis dei vil nytte pengane, seier han.

– I utgangspunktet er eg ikkje så opptatt av innsamlingsaksjonar. Men denne aksjonen har gjort eit sterkt inntrykk på meg, legg han til.

– Kor mykje trur du kan kome inn i løpet av laurdagen?

– Det er umogleg å seie, men det hadde jo vore triveleg om det hadde blitt ein god sum, svarar Aasen.

– Og om nokon har noko dei meiner kunne passe å selje på ein auksjon, er det berre å kome med det, legg han til.

Barnekreftforeininga i Telemark vil vera til stades på Telesenteret i morgon.

oystein.oygarden@vtb.no