Sikt som dette er langt frå godt nok om ein skal ut å køyre. 	Illustrasjons
Sikt som dette er langt frå godt nok om ein skal ut å køyre. Illustrasjons

Syt for god sikt i vinterkulda

Skrapar du berre eit lite felt av frontruta før du køyrer bil? Det kan vere både farleg og straffbart, og er luka du ser gjennom mindre enn eit A4-ark – ryk lappen på staden.

Vest-Telemark

3 av 10 bilistar køyrer før rutene på bilen er fri for is og dogg. Det viser ei undersøking gjort av forsikringsselskapet Frende.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ei pressemelding minner dei om at Vegtrafikklova er heilt klar på at føraren skal ha tilstrekkeleg utsyn til alle sider av køyretøyet.

Skremmande

Sjef for Utrykkingspolitiet, Runar Karlsen, seier i pressemeldinga at det sikkert kan vere mange grunnar til at folk ikkje skrapar rutene godt nok.

– Men det folk verkeleg burde vere redde for er ulykkene dei risikerer å utsetje andre for ved å køyre på dette viset. Det er skremmande at så mange køyrer utan klar sikt til ei kvar tid, seier Karlsen.

Kva er godt nok?

– Dersom «Vindusviskarfeltet» på frontruta, og dei fremste sideglasa er fri for snø, is og dogg, blir det ikkje gjeve ein reaksjon. Dersom det er skrapa eller fjerna mindre enn dette, kan ein få ei bot på 2600 kroner. Dersom sikta er sterkt avgrensa framover og til sidene, blir det gjort ei konkret vurdering, i slike tilfelle kan ein kan få eit førelegg på 6000–8000 kroner, eller ein kan miste lappen i tre månadar eller meir, seier Karlsen og legg til at det ikkje treng skje ein faresituasjon for at politiet skriv ut bøter eller reagerer.

tone.tveit@vtb.no