annonse

Stien går seg til

Steinset stien
Steinset stien: Sherpaene Mekh (t.v.), Lapka, Dipak og Finjo legg heller på stien frå Dalen til Rui. Turstifadder Erik Bastiansen og reiselivskonsulent Synne Aasland er fornøgd med jobben. Her frå eit utsiktspunkt på Mæranuten, der sherpaene har fått på plass bord og sitjeplassar i stein. (Foto: Stein Olav Lie)

Nye steinheller har blitt frakta med helikopter frå Eidsborg til stien frå Dalen til Rui. På bakken står fire dyktige nepalarar og lagar flotte trappetrinn.

Stein Olav Lie

– Dei skal vere her ein månad, og då håpar me at det er hellelagt heilt opp til krysset der stien delar seg. Det hadde sjølvsagt vore heilt topp om me kunne lagt heller heile vegen opp til Riarhamaren, men det har me ikkje midlar til i dag, smiler reiselivskonsulent i Tokke, Synne Aasland.

Står på

Dei fire nepalarane, Dipak, Mekh, Lapka og Finjo, alle med Sherpa til etternamn, har ikkje liggje på latsida i tida på Dalen.

– Sherpa betyr folket frå aust. Dei står skikkeleg på, og me er særs glade for at me fekk høve til å leige dei i år. Ein av dei, Finjo, var her i fjor også, og me bad spesielt om å få han tilbake. Det er litt enklare når ein kjenner terrenget, og veit korleis det ser ut, forklarer Aasland.

Jobbar så lenge det er pengar

Aasland fortel at dei fire sherpaene blir så lenge det er pengar å jobbe for, men at det er snakk om ein månads tid. Aasland er veldig fornøgd med at prosjektet blei tilgodesett med ein million kroner frå Sparebankstiftinga Dnb i år.

– De løyser også ut 150 000 kroner frå Telemark fylkeskommune. I tillegg til sjølve stien har dei også laga ein kvileplass med steinbord og sitteplassar på toppen av Mæranuten, seier reiselivskonsulenten.

Eg tykkjer stien blir fantastisk flott, og eg er imponert over måten dei fire sherpaene jobbar på, seier turstifadder Erik Bastiansen.

– Det var på høg tid å gjere noko med stien som har blitt nedsliten av væte og mykje bruk, legg Aasland til.

Enkelte dagar har helikopteret gjennomført inntil 120 lyft med tunge steinheller. – Utan helikopter hadde det vore ein nærast umogleg jobb,forklarer ho.

Både turstifadderen og reiselivskonsulenten er opptekne av å gjere Rui tilgjengeleg for flest mogleg, og det gjerne utan å måtte køyre bil.

– No er det fullt mogleg å gå frå Dalen sentrum og opp dei bratte liene på eit underlag som er godt å gå på. Tidlegare var det både glatt og vrient å gå i dei djupe spora somme stader, avsluttar Erik Bastiansen.

stein.olav.lie@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.