annonse

Skaalen skal leie det nye Nav-kontoret

Leiar
Leiar: Gerd Kari Skaalen. (Foto: Nav)

Gerd Kari Skaalen er tilsett som leiar av den nye Nav-eininga i Vest-Telemark.

Kontoret omfattar kommunane Seljord, Vinje, Tokke, Nissedal og Kviteseid, og vil ha hovudkontor på Dalen. Det skal etter planen vera operativt frå og med 1. januar 2020, og ha ansvaret for dei statlege og kommunale tenestene i området, melder Nav i ei pressemelding.

Skaalen er i dag Nav-leiar i Tokke og Vinje. Ho har tidlegare arbeidd i Postverket, som personalkonsulent i Vinje kommune og konsulent i Aetat. Skaalen har mange års leiarerfaring som distriktsarbeidssjef i Aetat og Nav-leiar frå 2006.

Ho vil ved sida av jobben som Nav-leiar også bli prosjektleiar for etableringa av det nye kontoret i Vest-Telemark.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.