Fatima (t.v.), Mushtaq, Hatem og Dania Aldulaimi skulle halde kvarandre i hendene under heile taugløypa på om lag ti meter. 	Alle
Fatima (t.v.), Mushtaq, Hatem og Dania Aldulaimi skulle halde kvarandre i hendene under heile taugløypa på om lag ti meter. Alle

Samarbeid og samhald i aktivitetsløypa

Kviteseid Sanitetsforening fann på eit heilt nytt innslag for bygdefolk laurdag.

I samband med Sanitetens veke skipa Kviteseid Sanitetsforening til Eg likar deg-dagen laurdag ettermiddag i Bryggeparken. Det var fyrste gongen laget har prøvd seg på eit slikt arrangement. På denne dagen ynskte ein å setje fokus på at kvart menneske betyr noko, uavhengig av alder, kjønn, religion, etnisitet og utsjånad.

– Det er viktig å gjere noko positivt for bygda, og sanitetsforeininga har funne på dette arrangementet sjølv. Foreininga skal ha lågterskeltilbod som det i dag som er for alle slag familierelasjonar, og så er det veldig viktig å ha noko for dei som er innflyttarar. Eg håpar arrangementet spreiar meir glede mellom folk. Vidare håpar me på fleire nye medlemer, men det er ikkje hovudmålet, seier Margrethe Aabø, leiar i Kviteseid Sanitetsforening.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vere hjelpsam

Det blei litt av ein flying start for Eg likar deg-dagen.

– Ei vindkule reiste med heile teltet og ein del av utstillinga vår. Nå vil me ikkje ha regn, seier Aabø, og må smile litt av det som skjedde.

Foreininga hadde laga ei aktivitetsløype der samarbeid, merksemd og det å vere hjelpsam skulle skape ei positiv kjensle av samhald og mestring. Små grupper skulle løyse ulike oppgåver saman, og alle som deltok blei lova premie, saft, kaffi og kake.

Margrethe Aabø gjev Hartvig John merket «Eg likar deg» mellom anna fordi han stiller mykje på dugnad i sanitetsforeininga.
Margrethe Aabø gjev Hartvig John merket «Eg likar deg» mellom anna fordi han stiller mykje på dugnad i sanitetsforeininga.
Kalina (t.v.) og Delfina Miteva og Ella Jebsen stod på i lag, og resultatet blei ein fransk puddel av marshmallow og spagetti.
Kalina (t.v.) og Delfina Miteva og Ella Jebsen stod på i lag, og resultatet blei ein fransk puddel av marshmallow og spagetti.

Sanitetsforeininga la opp til at arrangementet skulle vere ei flott moglegheit til å gjere noko saman med dei ein er glad i eller ynskjer å bli kjent med.

– Dette blir spennande, seier Aabø dei fyrste minuttane av det tre timar lange arrangementet der deltakarane sjølve vel når dei vil stikke innom.

Veldig nøgde

Aabø oppsummerer arrangementet slik i etterkant:

– Det var litt dumt at me gløymde å annonsere i lokalavisa, slik at fleire kunne visst om arrangementet. Det kom og gjekk folk heile tida, og totalt var det rundt 50 personar innom. Me er veldig nøgde med dagen, og det sa også dei som deltok. Kanskje vil me prøve å ha eit slikt arrangement seinare også.

Elles seier Aabø at det er noko med det at foreininga skal ut og vere synleg, og ha ein aktivitet i Sanitetens veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk må ikkje oppfatte oss som ein gjeng som sit saman og drikk kaffi. Me må vise at me gjer noko, som i dag, seier Aabø, som er inne i sitt ellevte år som leiar i ei foreining med 80 medlemer.