annonse

Resten av Vest-Telemark har ferie-SFO

: Arkiv (Foto: aslak ringhus)

Samanlikna med Kviteseid har dei resterande Vest-Telemark-kommunane eit breiare SFO-tilbod i skuleferiane.

Kari Smeland

Ifølgje Ronde Schade, kommunalsjef for undervisning i Seljord, er skulefritidsordninga stengt i heile juli og i romjola, men har derimot ope i juni og august, i tillegg til i haust-, vinter-, og påskeferien.

På nettsidene til Fyresdal kommune opplyser dei om same opningstider som Seljord, medan assisterande rådmann i Vinje, Anders Sandvik, kan fortelje at SFO har stengt i vekene 28, 29 og 30.

I vedtektene til Tokke kommune står det at skulefritidsordninga der har stengt i fire veker i juli, og at alle barn har rett på fire veker samanhengande ferie. Det kjem også fram at for at det skal vere eit tilbod på arbeidsdagane i jol- og påskeferien, må det vere minst fire barn påmeldt.

Marit Madsen frå Tveit skule opplyser at også Nissedal-skulen har sommarstengt ved SFO i juli, men ope i juni og august, samt i haust- og vinterferiane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.