Ann Elisabeth Dale ved Vinje lensmannskontor. 	Arkiv
Ann Elisabeth Dale ved Vinje lensmannskontor. Arkiv

– Promillekøyring på snøskuter er framleis eit stort problem

Førstepolitibetjent Ann Elisabeth Dale ved Vinje lensmannskontor er usikker på om Vinje snøskuterklubb har rett i teoriane sine, men håpar inderleg.

– Det er vanskeleg for oss å kome med tal på om det har blitt mindre promillekøyring på snøskuter dei siste femten åra, og det kan sjølvsagt vera små forskjellar mellom bygdene, men ryktene me høyrer og brevet frå Hilde i Fyresdal seier noko anna. Promillekøyring på snøskuter er framleis eit stort problem slik me ser det, og er noko me vil prioritere framover. Me har hatt nokre ulykker med tragiske utfall dei siste åra, der promille har vore involvert i dei fleste av dei, seier ho.

Dale seier at politiet ønskjer å få til mange kontrollar på heiene i vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor ofte me har hatt kontrollar i utmark har variert, nokre gonger kvar helg – andre gonger sjeldnare. Me er òg usikre på kva effekt løypenettet har hatt, men me har ikkje tatt veldig mange promillekøyrarar i kontrollane der. Det kjem sjølvsagt an på når me held dei. I helgene og på nattestid er det mest, og det er ikkje alltid me får det med oss.

– Ver så snill å melde frå viss de ser noko. Det er viktig for oss å få beskjed og reise ut. Har me moglegheit til det så kjem me, oppmodar Dale.