Planane om overtaking er sett på vent for Kafé Teisner

_ Fyresdal: Kafé Teisner (bildet) i Fyresdal næringshage har blitt drive av Telemark Lys AS sidan oppstarten for fem år sidan.

I august skreiv VTB at verksemda skulle gje seg som drivar, og at kokkane Rami Ahmead og Trond Rustand skulle ta over frå 1. september. Slik blei det ikkje, og inntil vidare er det Telemark Lys som likevel held fram som drivarar av kafeen.

Etter fleire førespurnadar vil ikkje dagleg leiar i Telemark Lys, Elisabeth Gasmann, uttale seg om grunnane til heilomvendinga. Ho skriv i ei tekstmelding at dei driv kafeen enn så lenge, og at ho håpar dei snart finn ut av det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kokk Trond Rustand vil heller ikkje svare på kva som er grunnane til at overtakinga ikkje blei noko av, og seier at det er opp til Telemark Lys å svare.