Jan Gunnar Solli hamna på andreplass i «Skal vi danse» 2018.
Jan Gunnar Solli hamna på andreplass i «Skal vi danse» 2018.

Nesten heilt til topps i «Skal vi danse»

NYDALEN: Trass i høgast poengsum samanlagt, heldt ikkje sjåarstemmene heile vegen for Jan Gunnar i «Skal vi danse»-finalen.

I alle dei tre dansane Jan Gunnar Solli og Rikke Lund har dansa i løpet av kvelden har dei fått full poengscore – 40 poeng. Det er så bra som det får blitt.

Men då sjåarstemmene skulle teljast opp var det «Tid for hjem»-Einar og Anette som stakk av med sigeren. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Toppscore etter toppscore 

Fyrste dans for treungen var jiven han og dansepartnar Rikke Lund dansa i aller fyrste program for tolv veker sidan. Trass i det dommar Egor Filipenko kalla «legendariske kicks» den gongen, fekk duoen berre 29 poeng for dansen. 

I kveld, tolv veker seinare, fekk dei 40 poeng av dansedommarane. Det er full score. 

– Nokre gonger har du vore ein litt sliten venstrebekk. I kveld er du ein topptrent spiss som jaktar på siger, seier Merete Lingjærde. 

Jan Gunnar Solli og Rikke Lund dansar i finalen av årets «Skal vi danse».
Jan Gunnar Solli og Rikke Lund dansar i finalen av årets «Skal vi danse».

– Det er så moro å sjå at Rikke aldri har lagt seg nede på ditt dansenivå, men at du heller har jobba deg oppover til å kome på hennes nivå. Det er kjempeimponerande, seier Tore Petterson. 

– Kjempebra! 

Dans nummer to er quickstep. Dommarane har valt den fordi det er den dansen Jan Gunnar og Rikke har fått lågast poengsum på i løpet av hausten. Nivået var eit heilt anna i kveld. 

– Du leverer akkurat det me har venta på heile sesongen. Kjempebra, seier Trine Dehli Cleve. 

Også her sankar paret inn poeng. Alle dommarane viser fram tiarane. 

– Me har jobba beinhardt, dette er så gøy, seier Jan Gunnar og Rikke. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Fan av armane til Jan Gunnar 

Den tredje og siste dansen til Jan Gunnar og Rikke imponerte dommarane atter ein gong. Nok ein toppscore blei dela ut, og med det leia Jan Gunnar og Rikke med fem poeng over Einar og Anette. 

– Dei armane dine vil eg både sjå danse i timevis og ha rundt meg, sa dommar Tore Petterson om showdansen der Jan Gunnar og Rikke viste fram reisa dei har hatt denne hausten.