Flyktningkonsulent i Kviteseid kommune Tone Syftestad og sjåfør Mushtaq Al-Dulaimi startar opp tilbod om Flexiruter i Kviteseid.
Flyktningkonsulent i Kviteseid kommune Tone Syftestad og sjåfør Mushtaq Al-Dulaimi startar opp tilbod om Flexiruter i Kviteseid.

Mushtaq hentar og bringar

Mushtaq Al-Dulaimi køyrde tidlegare drosje i Bagdad, førre veke tok han over tilbodet om Flexiruter i Kviteseid. – Det er hyggeleg å hjelpe andre – og transporttilbodet er gratis, smiler den blide sjåføren.

Kviteseid

Den siste tida har det blitt mange bli kjent-turar rundt om i bygdene i Kviteseid kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var i Vrådal og leverte informasjon til eldre som har bruka flexitilbodet tidlegare. Nokre plassar blei me bedne inn på kaffi, fortel flyktningkoordinator i Kviteseid kommune, Tone Syftestad, som kom med ideen om å organisere tilbod om Flexirute med å sysselsetje ein av dei nye innbyggjarane i kommunen.

Syftestad arbeider som programrådgjevar for dei nye innbyggjarane, og skal prøve å finne passande arbeid til dei.

– Sidan Mushtaq har erfaring og er ein trygg sjåfør, fann me ut at det kunne vere fint å prøve dette ut året ved å bruke bilen til flyktningtenesta. Kanskje drosjesjåfør kan bli ein fast arbeidsplass for han i framtida, seier Syftestad.

– Eg vil takke Syftestad, Nils Ettestad og Eilev Omland som har vore med rundt i kommunen slik at eg har blitt betre kjent. Det var ein god ide av kommunen å gje meg denne arbeidsoppgåva, seier Mushtag som førre veke var sjøfør for sin fyrste passasjer i tilbodet om flexirute i heimkommunen.

Avvikla i august

Fram til 1. august hadde taxien i Kviteseid det fylkeskommunale tilbodet om bestillingstransporten Flexirute, eit transporttilbod til faste tider til og frå Fjågesund, Morgedal og Brunkeberg på torsdagar og Vrådal og Kviteseid sentrum på tysdagar.

Men så vart tilbodet sagt opp, og fram til førre veke stod dei eldre utan eit transporttilbod på tysdagar og torsdagar.

– For perioden fram til 31. desember er Flexiruter eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen og Kviteseid kommune, sidan fylkeskommunen ikkje har fått til avtale med drosje eller turvognnæring. Me er difor svært nøgde med at kommunen tek på seg den praktiske gjennomføringa, opplyser fylkeskommunen.

– Nå håpar me at mange vil bestille og nytte seg av gratistilbodet ut året, seier Syftestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet er ope for alle, men tilpassa reisande som ikkje har tilgang til eigen bil, har avstand til næraste haldeplass eller bur i område det er lite eller ingen kollektivtilbod.

tone.tveit@vtb.no