Bjørg Taraldlien Hopland og Kim Hopland har etablert Telemarklam AS, eit salsfirma som satsar på pinnekjøtt av heile lammet.
Bjørg Taraldlien Hopland og Kim Hopland har etablert Telemarklam AS, eit salsfirma som satsar på pinnekjøtt av heile lammet.

Meny har tinga eitt tonn pinnekjøtt

Ved garden Taraldlien i Fyresdal er det ei satsing utanom det vanlege. Meny har tinga over eitt tonn med pinnekjøtt i haust.

Bjørg Taraldlien Hopland og Kim Hopland flytta til Taraldlien i 2009.

– Då sa eg klart ifrå at eg ikkje skulle drive med sau på garden, hugsar Kim godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det tok ikkje eit heilt år ein gong før han kjøpte dei fyrste sauene til å ha på garden. Kim deltok på sauesanking, kom i prat med ei dame som skulle slutte med sau og det enda med at Kim kjøpte 19 dyr av henne.

– Då var me i gang, og etterpå har det berre balla på seg, seier Kim.

I år er bruket oppe i 160 vinterfôra sau og 300 lam.

Kim Hopland hos slaktaren i Lillesand som også tek seg av foredlinga av lamma. 	Privat foto
Kim Hopland hos slaktaren i Lillesand som også tek seg av foredlinga av lamma. Privat foto
Slaktaren i Lillesand har sett av god plass for å ha kjøttet frå Fyresdal der til produktet er klar for marknaden. Privat foto
Slaktaren i Lillesand har sett av god plass for å ha kjøttet frå Fyresdal der til produktet er klar for marknaden. Privat foto

I fleire år blei lamma sendt til slakteri, og det kom oppgjer tilbake. Siste fem åra har Bjørg og Kim henta heim noko av lammekjøttet, og byrja å salte bog, rygg, lår og sider og laga pinnekjøtt av alt saman.

– Det blei vanvittig godt. Me prøvde ut pinnekjøttet på familie og venner, og fekk gode tilbakemeldingar, seier Kim.

Rett frå heia

Forsommaren i fjor sette paret fart i ein plan for mykje utnytting av lammekjøtet. Ein valde å gå bort frå tanken om lokal foredling, men ynskte å selje produkt som skil seg ut frå det andre gjer.

– Me ville sende lamma rett frå heia til slakteriet, reine naturproduktet der dyra ikkje gjekk på kraftfôr og alt på dyret blei til pinnekjøtt. Me valte å kalle verksemda Telemarklam AS; eit varemerke rett frå fjellbeitet, seier Kim.

150 lam frå Taraldlien er i haust sendt slaktar Jens Eide i Lillesand. Der heng oppdelte lam lenge, og endar i 1,5 kilos pinnekjøttpakker med litt av alt frå dyret. Så står Telemarklam for salet av det ferdige produktet frå slaktaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har bygd eit konsept som ingen andre i nærområdet har, seier Kim.

Etterspurnaden etter pinnekjøttet har gått over all forventing.

– Meny ville ha eit møte med oss, og bestilte like etterpå over eitt tonn med pinnekjøtt. Det hadde me ikkje sett føre oss, seier Bjørg kjempenøgd.

– Når du har ei slik avtale med Meny, er det ein tryggleik, fortset ho.

Ekstra betaling

Paret har i haust måtta spørje andre bønder om dei kan avstå med lam.

– Eide handplukkar dei beste lamma mellom anna frå andre fyresdølar. Me gjev dei ekstra betaling for å selje lamma til oss, det er snakk om over 100 dyr: Me måtte låne pengar for å betale dei, seier Bjørg.

– Det er viktig at satsinga vår skal gje meirverdi til bonden for kjøttet som går til Telemarklam, seier Kim.

Paret har selt 1,5 tonn pinnekjøtt til nå i haust, og trur talet kjem opp i minst 2,5 tonn etter mellom anna å ha vore på stand rundt omkring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Får me dette til blir produksjonen mykje større neste år, seier Kim.

– Me må kanskje lage avtaler tidleg neste år med andre bønder for å kjøpe lam av dei, seier Bjørg.

Paret har sjølve kausjonert for 400 000 kroner inn i selskapet, og har brukt til nå 250000 kroner på merkevarebygging; mellom anna logo, nettside og -butikk, fotografering og diverse møte.

Viktige tilskot

Telemarklam har fått 185 000 kroner i tilskot frå Innovasjon Noreg og 50000 kroner frå Fyresdal kommune.

– Utan tilskota frå desse hadde det blitt vanskeleg, seier Bjørg takksam.

Det er Kim som skal jobbe mest på garden og med den nye verksemda. Bjørg er nattsjukepleiar på Fyresdal pleie- og omsorgssenter.

– Eg tek ferien min i lamminga og sauesankinga. Det er moro å vere med på, og det er veldig kjekt å kombinere yrket mitt med gardsdrifta, seier Bjørg.

Planen nå er å byggje kjølerom på garden. Noko særleg løn for Kim i Telemarklam, må han nok vente med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er eg heldig kan eg ta ut fyrste løna frå selskapet i januar. Men eg må passe på å ha pengar til å kjøpe lammekjøtt, seier Kim.