annonse

Meiner det ikkje er grunnlag for gebyr

Svarar
Svarar: Seljord kommune, her representert med formannskapet, har gjeve sitt svar til Kofa etter varselet om eit gebyr på 200 000 kroner i matleveringssaka. Arkiv (Foto: Tone Tveit)

Seljord kommune meiner forlenginga av avtala med Dyrskun ikkje er ei «vesentleg endring».

Øystein Øygarden

Seljord

I sitt svar til Kofa (Klagenemnda for offentlege anskaffingar) meiner Seljord kommune at dei to forleningane av 2013-avtala med Dyrskun var lovlege. Kofa har varsla kommunen om eit gebyr på 200 000 kroner for å ha avlyst anbodskonkurransen om matlevering til institusjonane, og for direkte å ha inngått avtale med Dyrsku’n. Gebyret blir rekna utfrå verdien på tenesta kommunen har kjøpt av Dyrsku’n i perioden frå 1. februar 2017 til 1. januar 2018.

Det var Matvarehuset AS i Bergen som klaga Seljord kommune inn til nemnda etter at kommunen i fjor sommar avlyste konkurransen om å levere mat til institusjonane – etter at Matvarehuset AS hadde vunne anbodsrunden. Matvarehuset AS har klaga både på avlysinga av anbodskonkurransen, og på det dei meiner er ulovleg offentleg anskaffing då kommunen inngjekk avtale med Dyrsku’n arrangement AS.

I svaret som er ført i pennen av KS-advokat Kristine Vigander, blir det peika på at utvidinga av den fyrste avtala frå 2013 ikkje er av ei «vesentleg endring». Om Kofa meiner utvidinga frå juni til desember er ulovleg, ber kommunen om at gebyret blir utmålt «mildast mogleg».

For seint

Den opphavlege avtala mellom Seljord kommune og Dyrskun blei inngått 1. februar 2013. Den gjekk ut 1. februar 2017. Kommunen har erkjent at ny anbodskonkurranse blei sett i gang for seint. Det gjorde at partnane munnleg inngjekk ei forlenging i februar 2017.

– Matleveransen er ei kritisk samfunnsoppgåve som ikkje kan opphøyre, skriv advokaten på vegne av kommunen.

Forlenginga var meint til å vare fram til 1. juni då ny kontrakt etter anbodsrunden skulle bli inngått.

– Verdien av anskaffinga for desse fire månadane er 774 951,74 eks.mva, heiter det i svaret til Kofa.

Det blir vidare vist til at kommunen låg i rute til ny kontrakt frå 1. juni, og at det var fyrst 8. juni – då formannskapet avlyste anbodskonkurransen – det tvang seg fram ei ytterlegare forlenging av 2013-avtala. Produksjon i eigenregi var på plass frå 1. januar 2018, og i svaret blir det vist til at den andre forlenginga (etter avlysinga) varte frå juni til ut desember. Verdien på denne anskaffinga er rekna til vel 1,3 millionar kroner.

– Det blei ikkje gjort øvrige endringar i kontrakten, står det i svaret.

Samfunnskritisk oppgåve

Kommunen meiner dei to forlengingane av 2013-avtala må vurderast isolert i høve til ei vurdering av om det er gjort ei vesentleg endring av kontrakten.

«Innklagede (Seljord kommune, red. merk) anfører prinsipalt at begge utvidelsene er lovlige endringer».

Den fyrste forlenginga er kostnadsrekna til 775 000 kroner, under ti prosent av opphavleg kontraktsverdi. Kommunen meiner uansett verdien av den fyrste utvidinga ikkje kan vera ein del av utrekningsgrunnlaget for eit eventuelt overtredelsesgebyr for den andre utvidinga.

– Anskaffingas verdi for den første utvidinga er under kunngjeringspliktig grense, blir det vist til i svaret.

Den andre utvidinga (frå juni til desember) er verdisett til 1,35 millionar kroner (13,62 prosent av opphavleg kontraktsverdi). Auken er ikkje å sjå som utviding av betydeleg omfang, meiner kommunen.

Om Kofa kjem til at det er forettatt ein eller fleire ulovlege endringar i 2013-avtala ber kommunen om at overtredelsesgebyret blir utmålt på mildast mogleg måte.

«Kontraktens gjenstand er en samfunnskritisk oppgave hvor kontinuerlig leveranse er livsviktig for kommunens eldre innbyggere,» avsluttar advokaten på vegne av kommunen.

oystein.oygarden@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.