Stig Jacobsen møter det store idolet sitt, Bodil Nordjore (t.v.), som har stand tett ved sida av Gro Hommo.
Stig Jacobsen møter det store idolet sitt, Bodil Nordjore (t.v.), som har stand tett ved sida av Gro Hommo.

Med Bodil på armen

Kvar kveld legg Stig Jacobsen seg med Bodil Nordjore på armen.

– Eg trefte Bodil Nordjore fyrste gongen i samband med at ho lanserte kokeboka si Fjellmat (2011 red.mrk.). Eg fekk enormt sansen for henne; ho tende gneisten i meg til å arbeide med tradisjonsmat. Då blei det fort «Bodil i mitt hjarte», seier Stig Jacobsen.

Han er frå Eidskog ved svenskegrensa, og presenterer seg som kokk, kurshaldar, seljar og føredragshaldar. På Dyrsku’n sist helg hadde han salsbu der han baud fram utstyr til røyking, grilling og pølsemaking; materiell til bruk i småskalaproduksjon. Han har også gjeve ut diverse bøker om mat, og kjem no snart ut med den fjerde boka si. Den handlar om norsk lammekjøt.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Dyrsku’n trefte han ei av dei store inspirasjonskjeldene sine, Bodil Nordjore, som mellom anna selde den nyleg utgjevne boka si «Mjølk. Historia om livet på staulen», utgjeven på forlaget Tradmat AS.

Fjernsynskjøkkenet

Matinteressa har Stig Jacobsen hatt sidan han som liten gut sat klistra til fjernsynet då favorittprogrammet hans blei sendt, nemleg «Fjernsynskjøkkenet» med Ingrid Espelid Hovig.

– Visst var mors og mormors kokkekunster viktige, men det var takk vere Ingrid at eg gjekk inn på matvegen, seier Jacobsen.

«Du er klar over at du må døy med meg på armen», var Bodil sin reaksjon då ho fyrste gong såg tatoveringa. Å få vera i hop med Ingrid Espelid Hovig synest ho er ei god støtte.
«Du er klar over at du må døy med meg på armen», var Bodil sin reaksjon då ho fyrste gong såg tatoveringa. Å få vera i hop med Ingrid Espelid Hovig synest ho er ei god støtte.

Han har også eit portrett av heile Noregs matmor, som døydde i sommar, tatovert på venstre overarm, ved sida av Bodil. Han fortel at Ingrid fekk sjå tatoveringane, som han har hatt i fem-seks år, nokre år etter at han tok dei.

– Då kom det eit kjempesmil over heile fjeset hennar, fortel den store beundraren.

Blir gravlagt med Bodil

Jacobsen ler når han fortel om korleis det gjekk til at han fekk syne Bodil tatoveringa. For han hadde tydelegvis ikkje innhenta løyve på førehand til å forevige ho i blekk på kroppen sin.

– «Eg har noko eg må vise deg», sa eg, «men då må eg kle av meg fyrst». Bodil såg noko skeptisk på meg medan eg drog av meg genseren. Ho blei mållaus i tre sekundar, og så kom strofa: «Herregud, då må du døy med meg på armen».

Sjølv fortel Bodil Nordjore at ho blei veldig overraska då ho fekk sjå tatoveringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kom veldig bums på, så eg bruka nokre humrande timar på å fordøye det. Men eg kom fort til at eg måtte så på det som ei god marknadsføring, seier ho.

Under kvart av portretta er namnetrekka tatoverte. Bodil syntest det blei veldig nære då ho såg si eiga handskrift.

– Signaturen er ein så privat ting, påpeikar ho.

Det heile blir litt lettare når ho har fylgje av heile landets matmor, Ingrid Espelid Hovig (1924-2018).

– Å vera i hop med Ingrid er ei god støtte, smiler Bodil, som sjølv ikkje har ei einaste tatovering.

Den gode norske maten

Over dei to matkvinnene er det tatovert ein partert gris.

– Kva meining har denne figuren?

– Eg vil påpeike at norsk mat er god. Eg bur på svenskegrensa og ser trafikken over her av folk som skal handle mat. Det er synd. Noreg har verdas dyktigaste bønder som produserer noko av verdas beste råstoff, poengterer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skjulte kroppsdekorasjonar

Tatoveringane er utført av ein kjenning som driv Memory ink tattoo i Magnor. Og så blir spørsmålet: har Jacobsen andre tatoveringar?

– Ja, på høgrearmen har eg ein kokkehatt med røykeomn i. For meg er det viktig at tatoveringane kan skjulast under ei T-skjorte, seier mannen som elles ikkje har noko imot å stå fram i avisa med kroppsdekorasjonane sine.

Etter dyrskuhelga vil han gjerne kyte litt av Telemark og telemarkingane.

– Med mi interesse for mat er Telemark stort for meg. De har så mange produsentar, og eg er misunneleg på mangfaldet. Dessutan er telemarkingane slik at dei ikkje berre seier at dei skal laga pølser, men dei gjer det!