Jan Gunnar Solli forstår ikkje kvifor nokon har øydelagt bilen hans – og sett han i potensiell livsfare.
Jan Gunnar Solli forstår ikkje kvifor nokon har øydelagt bilen hans – og sett han i potensiell livsfare.

– Lurar på korleis eg kan ha trigga nokon til å gjera noko slikt mot meg

Fire losna hjulmutterar og to skruar kunne ha sett Jan Gunnar Solli i livsfare søndag kveld.

I går skreiv fleire nettaviser om hærverket som blei gjort på bilen til Jan Gunnar Solli i helga.

Tysdag trefte me Jan Gunnar i dansestudioet der han dei siste vekene har tilbrakt store delar av dagane sine for å slå av ein prat om hendinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel om ei skremmande oppleving på parkeringsplassen i Nydalen søndag. 

– Før sendinga på laurdag parkerte eg bilen min i Nydalen. Der blei den ståande over natta, fram til eg var ferdig på dansetrening på søndagskvelden. Då eg skulle hente den blei eg møtt av litt av eit syn.

Bilen hadde blitt skrapa opp med ein gjenstand – kanskje eit skrujern – og det var stygge merker over alt. Til og med på rutene. Det er heilt tydeleg at gjerningspersonen ville gjera mest mogleg skade utan at alarmen går, seier Jan Gunnar.

I tillegg til hærverket hadde vedkommande skrudd ut to hjulmutterar, losna på to andre hjulmutterar og skrudd inn ein skrue i kvart framhjul. 

– Småforbanna som eg var så starta eg bilen. Eg tenkte «kva i alle dagar er det folk driv med». Dette var liksom meir enn berre vanlege gutestrekar.

– Då eg starta å køyre og heile bilen rista, så stoppa eg umiddelbart. Eg hadde veldig låg fart. Maks 20 kilometer i timen. Eg er ikkje nokon bilmekanikar, men eg veit litt. Eg bøygde meg ned for å ta ein kikk, og lurte på om noko kunne vera kutta av. Eg rista og drog i hjula, men dei hang no på, dei. Det var såpass mørkt at eg ikkje lyste med mobilen for å sjå om alle mutterane var på, noko eg så klart burde ha gjort.

Potensielt veldig farleg

Sakte men sikkert køyrte Jan Gunnar bilen til verkstaden den er leasa frå.

– Neste dag fekk eg ein video frå verkstaden og beskjed om at dette var veldig skummelt. Viss eg hadde køyrt raskare hadde hjula sannsynlegvis dotte av. Det kunne blitt stygt, både for meg og andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jan Gunnar seier at han er glad for at han gjorde ting rett den kvelden. I etterkant har saka fått mykje merksemd, og det gjev eit håp om at politiet skal kunne klare å løyse den. Mellom anna har Åsted Norge tatt kontakt med Jan Gunnar.

– Eg trur politiet kjem til å prioritere saka og samle inn overvakingsvideoar frå området i håp om at det kanskje kan bli identifisert ein bil. Det er ikkje så mykje trafikk akkurat der, for bilen stod aleine på parkeringsplassen då eg henta den. Det blir også veldig spennande å sjå kva Åsted Norge kan finne ut av. 

Håpar dei får ein lærepenge

Han fortel at han køyrer ein profilert bil, med eit bilde av seg sjølv og påskrifta Solli Sounds.

– Eg har ein fin bil, men det er ikkje ein Ferrari eller ei Porsche. Det er ingen superluksusbil. Det er ein folkeleg Mercedes. Eg trur dette er nokon som veit kven eg er.

– Som fotballspelar har eg vore ute for mykje rart, men akkurat no har eg meir merksemd rundt meg enn nokon gong. Likevel synest eg dette er veldig rart. Eg er ikkje ein brautande fyr, eg trur ikkje eg er noko spesielt. Eg trur folk ser meg som ein folkeleg person. Så eg berre lurar på korleis i alle dagar eg kan ha trigga nokon til å gjera noko slikt mot meg. Viss det berre er tilfeldig så håpar eg likevel at vedkomande får ein lærepenge, seier han.

Som den evige optimisten han er, tillet han ikkje seg sjølv å tenke i dei verste banar enno.

– Eg er ein generelt positiv person, så eg tenker som så at eg håpar det er nokon eg ikkje veit kven er som har dumma seg ut. Nokon barnslege dritungar som tenkte at eg ikkje kom til å køyre den bilen når den var så øydelagt. Men, det kunne jo ikkje dei vite. Eg håpar politiet finn ut av ting.