Lokallagsleiar i Nissedal Øyvind Tveit, er ikkje framand for å følge partileiar Knut Arild Hareide sin veg mot venstresida i norsk politikk. 				               arkiv
Lokallagsleiar i Nissedal Øyvind Tveit, er ikkje framand for å følge partileiar Knut Arild Hareide sin veg mot venstresida i norsk politikk. arkiv

Lokallaga er usikre på vegvalet til KrF

Det blæs godt rundt øyra til KrF for tida, og mange lokallag skal vere med å ta eit vegval.

24. oktober skal det haldast ekstraordinært fylkesårsmøte i Telemark KrF. Der det skal veljast delegatar til det like ekstraordinære landsmøte 2. november.

Øyvind Tveit i Nissedal KrF meiner det er viktig å respektere eit demokratisk vald fleirtal og halde seg i partiet uansett kva utfallet blir.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg meiner KrF skal vere i sentrum slik dei har vore. Når folk seier at dei er eit borgarleg parti, så betyr ikkje det ordet noko for meg. det er verdiane i viktige saker som tel, seier han.

– God analyse

Tveit meiner Hareides analyse av situasjonen var god, og er ikkje framand for å prøve å samarbeide med venstresida av politikken.

– Både Venstre, Frp og til dels Høgre har forlate mange grunnverdiar, og då siktar eg til diverse ungdomsparti sitt syn på abort og surrogati. Eg veit AUF også har ytra dette, men eg meiner me i lag med Sp kan trekkje politikken i retninga av sentrum i desse sakene, held han fram.

Leiardebatten som har kome i kjølvatnet av landsstyretalen synest Tveit er ei avsporing.

– Uansett kva utfallet blir så er min plass framleis i KrF. Eg registrerer at nokon i andre delar av landet trugar med å melde seg ut, om det ikkje går i deira lei, men her har me ein open prosess om kva retningsval me skal ta, held han fram.

Fylkessekretær i KrF i Telemark, Tone Helene Strat, fortel at det ekstraordinære fylkesårsmøtet blir ein stad i Midt-Telemark.

– Me skal velje seks delegatar frå fylket, som skal sendast til landsmøtet. Det kjem to representantar frå sentralstyret til KrF, for å tale på vegner av dei to vegvala. Sidan kjem fylkesstyre med framlegg om delegatar som ein skal røyste over, seier Strat.

– Spanande og modig

Vinje KrF har to delegatar å sende til fylkesårsmøtet, og lokallagsleiar Bjørn Christensen fortel at dei skal ha eit møte den 17. oktober der saka vegvalet skal drøftast i lag med nominasjonsarbeidet til kommunevalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje tradisjon for KrF å binde delegatar, men det er noko medlemsmøtet må ta stilling til, seier Christensen.

Han meiner det er spanande og modige tankar Hareide tok opp i talen til landsstyremøtet.

– Han utfordrar blokktenkinga som har råda, og eg synest det er spanande at sentrum av norsk politikk kan bli ei kraft igjen. Sp og KrF samarbeider godt i Stortinget og eg trur dei kan dra Ap meir inn mot sentrum. Eg trur mange er overraska, men også imponert over Hareide i denne saka, legg han til.

Christensen trur det kan bli vanskeleg for KrF å gå inn i ei regjering med Frp.

– Ein må finne ut kva slags parti ein skal vere, legg han til. 

– Eit val mellom Frp og SV

I Tokke har ikkje lokallagsleiar Ellen Ofte Jakobsen bestemt seg for kva veg ho ynskjer partiet skal ta.

– Det er i grunn eit val mellom Frp eller SV, då ingen av regjeringsalternativa har fleirtal utan fløypartia. Eg har ikkje landa på kva vegval eg synest er best, seier Jakobsen. 

– Eg har respekt for konklusjonen som Hareide kom med i tala si, sjølv om eg ikkje nødvendigvis er einig med han. Men det har eg som sagt ikkje landa på endå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du tillit til partileiaren?

– Eg vil ikkje seie at eg ikkje har det, sjølv om eg ser at det kan bli vanskeleg for han å halde fram om partiet ikkje fylgjer hans vegval, held ho fram.

Jakobsen fortel at dei har sett nominasjonsarbeidet til kommunevalet på vent til etter landsmøtet i november.

– Eg trur det er avgjerande for mange kva retning KrF tek sentralt, om dei ynskjer å vere med i lokalpolitikken eller ikkje, og det går begge vegar, seier Jakobsen.

Ynskjer ny leiar

Kristian Espeland i Seljord fortel at lokalpartiet ligg litt nede akkurat no, men at han ynskjer å reise som delegat på nominasjonsmøtet. 

– Eg har ikkje noko aversjon mot Ap og Sp, men om eg skal svare ja, eller nei, blir det eit nei, men med mange nyansar. Eg kjenner godt til Kristne Arbeidarars forbund frå ein oppvekst i Notodden. Elles skjønar eg at ein kan bli lei av mange av utspela til Frp, men eg er nok meir borgarleg innstilt enn mange andre KrF-arar i Vest-Telemark, seier Espeland.

Han har lest boka til Hareide, og kunne tenkje seg Hans Olav Syversen som ny partileiar.

– Eg synest Hareide lagar ei større sak av høgre-venstresideavgjersla enn naudsynt. Hareide er god som gull han, men eg kunne ønske meg eit KrF i ei borgarleg regjering, og med Syversen som ny finansminister, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trur også den pågåande partiprosessen kjem til å ende med regjeringsskifte.

– Eg trur det vert fleirtal på landsmøtet for å gå i regjering med Ap. Det er ei kjent sak at Geir Jørgen Bekkevold og fylkesleiaren ynskjer dette, fortel Espeland.

Har stor tillit til Hareide

– Me skal velje fire delegatar til årsmøtet. Me vel også fire varamenn slik at me er sikra fullt oppmøte. På medlemsmøtet skal me røyste over kva retning me vil at KrF skal gå i. Alle står fritt til å uttale seg på møtet, men delegatane me sender til fylkesårsmøtet bind seg til å røyste med fleirtalsvedtaket me har gjort lokalt, seier Draugedal.

– Eg står i utgangspunktet for tidlegare standpunkt om å gå inn i dagens regjering, men ser også at me har mange fellessaker med Ap. Eg kjem til å halde meg til det vedtaket me gjer lokalt, held ho fram.

Draugedal fortel også at ho har stor tillit til partileiar Knut Arild Hareide.

– Eg synest han taklar dette godt. Han har ein god kommunikasjon med dei andre politikarane både til høgre og venstre for KrF. Eg ser ikkje nokon som kan vere betre partileiar enn han, legg ho til.