annonse

– Like dårleg som før

Luftambulansestasjon
Luftambulansestasjon: På Ål i Hallingdal har dei i dag base for luftambulanse. ARKIV (Foto: GEIR UFS)

Helseføretaka tilrår ikkje eigen luftambulanse i Telemark. Det får politikarane til å steile.

  • _ Olav Åsen Haugsgjerd

_ Vest-Telemark

Fylkesordførar Svein Tore Løkslid (Ap) er skuffa over helseføretaka sin rapport til helse- og omsorgskomiteen om basestrukturen i Noreg.

– Eg er mildt sagt forundra over utgreiinga frå helseføretaka. Optimalisering av eksisterande basar og anestesibemanna legebil i Grenland er sjølvsagt ikkje tilstrekkeleg til å sikre tryggleiken til innbyggjarane våre, seier fylkesordføraren.

– Dette trass i at Stiftelsen Norsk Luftambulanse har konkludert med at ambulansehelikopter må kunne nå ein pasient innan 30 minuttar frå naudmelding er sendt, held han fram.

Jobbar vidare

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven (Sp), kjem til å jobbe vidare for å få ein luftambulansebase i Vinje.

– Eg har ikkje lese rapporten, då den ikkje er offentleg, Noko eg synest er rart, sidan det ikkje er noko grunnlag for å unnateke den.

Denne rapporten legg opp til at luftambulansetilbodet vil vere like dårleg som det er i dag, seier Kleven.

Mjøsbrua

– Det er bra at Innlandet får ny luftambulansebase på Mjøsbrua, sidan det var det andre området som ikkje hadde dekning, Då synest eg ein like godt kunne lagt ein base til Vest-Telemark og Bykle, Slik at det ikkje blir ein verkebyll for beredskapen, seier Kleven.

– Det er fint at dei har fått legebil i Grenland som sikkert kan kome raskare fram enn eit helikopter i tettbygde strøk, men det hjelper veldig lite for oss her oppe. Dei må få med seg at dei fleste sjukehusa ligg langs kysten, held ordføraren i Vinje fram.

Samfunnsøkonomisk

Kleven seier kommunen har fått dokumentert at det er svært samfunnsøkonomisk å legge ein luftambulansebase til Vinje.

– Det er mykje hytteturistar i både Vinje og Bykle, og om lag 10 millionar overnattingsdøgn som ligg innanfor ein radius på 20 minutt med helikopter, om ein set passarspissen i Åmot, avsluttar han.

olav@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.