Tone Syftestad
Tone Syftestad

Leitar etter eldsjeler som vil vera leksehjelp og vera med på øvingskøyring

Flyktningkoordinatoren i Kviteseid, Tone Syftestad, er på leit etter friviljuge som kan vere leksehjelp og vera med på øvingskøyring.

– Kviteseid

Gjennom jobben som flyktningkoordinator og programrådgjevar har Syftestad møtt mange eldsjeler som har gjort, og gjer mykje for integrering i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men behovet er framleis gjeldande, og me treng fleir medhjelparar, fortel ho.

Syftestad seier at dei treng friviljuge som kan ta konkrete oppgåver som hjelp til øvingskøyring og leksehjelp.

– For å kvalifisere seg til arbeidslivet og fylgje opp borna sine, er det naudsynt med sertifikat. Fleire menn har tatt sertifikat og nå er det kvinnenes tur. Utan familie og med eit lite nettverk, blir det dessverre lite øvingskøyring. Når det er sagt så er det nokre enkeltpersonar som har gjort ein uvurderleg innsats , men nye krefter må til, seier Syftestad.

Ho fortel vidare at dei har bil til utlån, så om ein vil bli med på biltur er det bare å ta kontakt med henne.

Ho seier at leksehjelparar har vore det vanskelegaste å få tak i.

– Eg trur mange er redde for at dei ikkje er flinke nok, men har du grunnskule så er det meir enn bra nok. Me har ei gruppe unge vaksne som tek grunnskulen no, dei treng hjelp, aller helst på dagtid på onsdagar, men kveldstid er også kjærkommen. Eg har prøva alle kanalar, organisasjonar og spurd mange enkeltpersonar. Derfor håper eg at nokon der ute har lyst til å hjelpe til eit par timar i veka, seier flyktningkoordinatoren.

Leksehjelpa er på biblioteket, men ta gjerne kontakt om meir informasjon om oppgåvene. Det vil glede mange.