Leiar: Me har ingen å miste

Det er på tide at me prøvar å ta eit oppgjer med ukulturen rundt alkohol og køyring i Vest-Telemark.

Fredag 28. september fekk de lese eit sterkt brev skrive av Hilde Martini Momrak frå Fyresdal. I sommar mista ho Knut, den yngste sonen sin, i ei båtulykke på Fyresvatn. I ettertid av ulykka kom det fram at båtføraren hadde promille over lovleg grense.

I brevet skriv ho om korleis ho – som ei mor i fersk og ubegripeleg vond sorg – har fått høyre mange historier frå andre foreldre som er redde for sine eigne born. Om bestemødrer som takkar Gud kvar måndag, fordi barnebarna framleis er i live.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når Hilde Martini Momrak kan ta eit oppgjer med ukultur og haldningar, så skal i alle fall lokalavisa ta ballen vidare. I tysdagsavisa fortalde politibetjent i Vinje, Mari Moen, om ukulturen dei er vitne til som politi i Vest-Telemark. Ho supplerer det lensmann Trond Neri Flothyl tidlegare har sagt, om at lokalbefolkninga saman må ta eit oppgjer med haldningane som finst der ute. I dag fortel tidlegare lensmenn Odd Skeivoll og Geir Kjartan Lid om korleis ting var før og korleis dei ser på dagens situasjon.

Utover hausten ønsker me i VTB å halde fram med å fortelje desse historiene. Historiene til ungdom, foreldre, politi, ungdomsarbeidarar og andre i lokalbefolkninga – dei som på eit eller anna vis har opplevd det som diverre er veldig vanleg i regionen vår: promillekøyring.

No er det viktig at me ikkje slepp taket i dette. Ei grunnleggande haldningsendring er aldri enkel å få til, men me må i alle fall ikkje gi opp og «godta» denne ukulturen – som har fått leve i Vest-Telemark i for mange år. Lat oss snakke om promillekøyring og konsekvensar – for me har faktisk ingen å miste.

Les også:

– Promillekøyring er eit problem i heile Vest-Telemark

Vinje-lensmannen fryktar ei dødsulykke i nær framtid