Behovet for ljos og gang- og sykkelveg mellom Kviteseid sentrum og Kvitsund, på riksveg 41. har vore etterspurd i mange år. 	Arkiv
Behovet for ljos og gang- og sykkelveg mellom Kviteseid sentrum og Kvitsund, på riksveg 41. har vore etterspurd i mange år. Arkiv

Kva skjer med gateljosa og gang- og sykkelvegen?

Dersom ein fekk gateljos på vegstrekkjet mellom Kviteseid sentrum og Kvitsund gymnas, ville det vere eit svært godt tiltak i trafikksikringa. Men kva skjer i saka, spør ein innbyggjar Kviteseid-ordføraren.

Ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad (Ap), svara på eit innbyggjarspørsmål frå Tore Blom Midtsund i førre kommunestyremøte. Midtsund ynskte svar på korleis stoda kring gateljos på vegstrekket frå Kviteseid sentrum til Kvitsund gymnas var.

– Eg meiner å hugse at eg i samband med referatet frå møte om gang- og sykkelvegen frå Kviteseid sentrum til Kvitsund, las i Varden eller TA at Statens vegvesen i 2018 ville gå inn for å setje opp ljos på denne vegstrekninga i løpet av 2018. Dersom dette vart gjort ville det vera eit svært godt tiltak i trafikksikringa for alle gåande og syklande langs denne vegen, skreiv Midtsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han spurde deretter: Kva skjer i denne saka? Kva har kommunen gjort for å få dette arbeidet i gang?

Ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) svara Midtsund at det dei to siste åra har vore ein tett og god dialog med Statens vegvesen (SVV) om å finne ei løysing for strekninga Kviteseid krysset – Kvitsund gymnas.

– Tiltak for denne trekninga ligg ikkje inne i Nasjonal Transportplan (NTP) noko som gjer at ein er avhengig av direkte løyvingar frå regjering eller omdisponering av SVV sine midlar. Kommunen har uttrykt ynskje om ein fullverdig GS-veg på strekninga og SVV har sett på alternativ for å byggje den. Kostnaden med ein tre meter brei GS-veg på strekninga er høg, og SVV sin pott til GS-vegar i Telemark er prioritera til tiltak i NTP.

Kommunen saman med SVV har sett på andre tiltak for å få til ein raskare trafikksikring av strekninga. I samråd med SVV har det blitt arbeid med ei løysing med trafikkljos og breiare vegskulder, svarar ordføraren.

Han opplyser vidare at i budsjettet for 2019 har regjeringa sett av 3,1 millionar til trafikkljos for strekninga. Saman med SVV blir det sett på ei løysing for å finansiere ei brei vegskulderløysing når trafikkljosa skal setjast opp.

– Kommunen har VA-anlegg i grøfta/vegbanen fram til Kvitsund. Alder og belastning frå trafikken gjer at me opplever lekkasjar frå dagens VA-anlegg. Kommunen kan bli med i eit spleiselag for å bytte ut VA-anlegg samt byggje breiare vegskulder. SVV er avhengig av ekstra midlar eller omdisponering av andre midlar for å gjennomføre breiskulder-prosjektet i tillegg til trafikkljos. Det blir jobba politisk med innspel til forhandlingane rundt statsbudsjettet framover, svarar ordføraren.

tone.tveit@vtb.no