annonse

Krevjande SFO-kabal

– Fredag skreiv VTB om den krevjande sommarkabalen for småbarnsforeldre i Kviteseid. Skulefritidsordninga (SFO) er stengt når skulen er stengt. Det betyr 8-9 veker ferie for ungane og kabalar som er nær umoglege å få til å gå opp for foreldra. På Telemarkssendinga fredag ettermiddag må ordførar Tarjei Gjelstad ha sett ein eller annan rekord i sakshandsaming. Han var klar på at SFO må fylgje barnehageåret og ikkje skuleåret. På direkte spørsmål om han kunne love eit SFO-tilbod i juni og august svara ordføraren «Det er farleg å love, men akkurat det skal eg love, ja». Så får me ta eit atterhald om at kommunestyret fylgjer ordføraren når saka kjem opp til hausten.

– Det er ingen tvil om at ordføraren ikkje er komfortabel med å leie den einaste kommunen i Vest-Telemark som har SFO-stengt heile sommaren, og han skal ha ros for å vise handlekraft då han blei utfordra. Så er spørsmålet kvifor dette plutseleg let seg løyse i løpet av nokre timar på ein fredag. Her er det nok fleire faktorar. Det kan vera eit poeng at samansetninga i kommunestyret i Kviteseid ikkje føler problematikken direkte på kroppen. Og det kan vera eit døme på smålåtne kviteseidingar som tek utfordringa med å få kabalen til å gå opp på strak arm, og at foreldra ikkje har vore tydelege nok i tilbakemeldingane til kommunen. Og sjølvsagt er det vanskeleg for politikarane å prioritere om i krevjande økonomiske tider. Nokon vil alltid bli skadelidande.

– I februar presenterte VTB folketalsutviklinga dei siste ti åra. For Kviteseid var det dyster lesing. Innbyggjartalet viste minus 166 på ti år. Forklaringa er sjølvsagt samansett, men i kampen om å gjera seg attraktiv for småbarnsforeldre må i alle fall ikkje kommunen skilje seg negativt ut frå nabokommunane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.